Breiformat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Breiformat (engelsk widescreen) er nemninga på filmformat som har breiare biletrute enn 1,37:1 (breidde/høgd).

35mm-film, som er vanleg i kinoproduksjon, har eit breiddeforhold på 1,37 gonger høgda (til samanlikning er eit fjernsynsbilete 1,33:1). For å gjere biletet breiare, blir toppen og botnen maskert – anten ved at svarte striper er innfelt i filmrullen, eller ved at lerretet delvis tildekkast i kinosalen.

I Europa har formatet 1,66:1 vore vanleg, medan amerikansk kinofilm lenge har operert med 1,85:1. I dag er sistnemnde mest brukt begge stader. TV-apparat i det breie 16:9-formatet ligg omtrent midt mellom desse to. Filmformat frå 2:1 og utover nyttar andre teknikkar og blir kalla som regel Cinemascope.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]