Brettspelet Ticket To Ride

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ticket to Ride er eit brettspel som minnar litt om The Settlers, men har eit fast spelebrett der målet er å få kontroll over jarnbanane mellom byane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spelet er laga av Alan R. Moon og utgjeve av Days of Wonder i 2004. Spelet vann den prestisjetunge prisen Spiel des Jahres dette året. Den tyske varianten vert òg kalla Zug um Zug, og den franske Les Aventuriers du Rail.

Det finst òg ein Mystery Train Expansion til spelet, og ein Ticket to Ride Europe-variant med eit litt meir avansert spelebrett. I 2006 kjem endå ein variant, Ticket to Ride Marklin.

Spelet[endre | endre wikiteksten]

Spelaren har 45 jarnbanebrikker og to eller fleire løynde mål, som går ut på å knyta saman visse byar med eigne jarnbanebrikker. Motspelarane kan gissa kvar spelaren skal og prøva å sperra vegen med eigne brikker, slik at spelaren må finna alternative ruter.

I Ticket to Ride Europe kan ein i tillegg kjøpa ferjeruter, byggja tunellar og meir.

Eit spel kan ha frå to til fem deltakarar, og tek om lag ein time. Reglane er endå enklare enn i til dømes The Settlers. Nye spelarar (aldersgruppe frå 8 år til vaksen) lærer spelet på få minutt. Men det er mange moglege strategiar, og spelarane sine strategiske val kan ha stor innverknad på resultatet.

Spelarane trekk jarnbanekort etter tur, eller bruker kort dei har på handa til å kjøpa gitte jarnbaneruter på kartet (brettet). Når ein spelar har brukt opp alle brikkene sine, tel ein opp poengsummane til alle spelarane. Ein får poeng for kvar strekning ein eig, for å ha den lengste samanhengande jarnbanen, og for å ha oppfylt dei løynde måla. Ein får minuspoeng for å sitja att med uoppfylte mål.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]