British thermal unit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

British thermal unit er ei britisk måleining for varmeenergi. Eininga har symbol Btu eller BTU. 1 BTU er den energien som må til for å heve temperaturen i 1 pund flytande vatn frå 60 til 61 º Fahrenheit under eit konstant trykk på 1 atmosfære.

1 BTU = 1,055 056 kJ. Dette er ISO-definisjonen, men det finst òg andre definisjonar som gjev noko varierande verdi i metriske einingar. I følgje EU-direktiv frå 1976 skal ikkje BTU nyttast i medlemslanda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]