Brother's Keeper
| Brother's Keeper | |
| Utviklar: | John Steed |
|---|---|
| Operativsystem: | Windows |
| Type: | Slektsgranskingsprogram |
| Lisens: | Shareware |
Brother's Keeper (BK) er eit slektsforskingsprogram for Windows gjeve ut av John Steed frå Michigan i USA. Programmet er omsett til norsk (bokmål og nynorsk) og fleire andre språk. Det kan ta inn og eksporterta innføringar i GEDCOM-formatet.
BK er eitt av programma som DIS-Norge tilrår.[1] Nordiske representantar arbeider aktivt saman og utvekslar erfaringar knytte til Norden og Skandinavia. Dette tek dei opp med produsenten. Det finst dessutan ei nordisk e-postliste der brukarane kan ta opp tilhøve som ein lurer på. I tillegg brukar ein e-postlista[2] til informasjon om nye oppdateringar og liknande. Det finst ei fadderordning for programmet i nesten alle norske fylke. I tillegg blir det halde kurs i bruken.
Utanom den engelske manualen som følgjer programmet finst det også ein dansk manual.[3] Det er også gjeve ut fleire bøker, mellom anna Slektsgransking med dataveiledning[4], der bruken av Brother's Keeper er gjort greie for.
Fotnotar [endre]
- ↑ DIS Norge: Slektsprogrammer
- ↑ Norsk epostliste for Brother's Keeper
- ↑ Sørensen, Chris Gade Oxholm. 2008. Brother's Keeper, dansk manual version 6.2. Oxholm. ISBN 87-983716-7-3
- ↑ Haakenstad, Liv Marit. 2004. Slektsgransking med dataveiledning, 2. utg. Orion. ISBN 82-458-0684-6