Bubastis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Katteskulptur i bronse, ca. 664-332 f.Kr., frå Bubastis.

Bubastis, Per-Bast(it) eller berre Bast var byen der ein dyrka kattegudinna Bastet i det gamle Egypt. Ruinbyen som no blir kalla Tell Basta ligg ved Zagazig nordaust i Egypt.

Byen og tempelet der blei viktig frå rundt det tredje dynastiet i Egypt (frå 2613 f.Kr.). Bubastis var truleg hovudstad under det tjueandre dynastiet (945-712 f.Kr.), og blei særleg bygd ut av Sheshonk I. Under dette og det neste dynastiet hadde byen og kattedyrkinga i Egypt eit oppsving. Bubastis hadde òg ein kjend legeskule. På 400-talet f.Kr. vitja den greske historikaren Herodot staden og skildra han grundig.

Bubastis heldt seg i hevd fram til slutten av romartida (395), då han blei fråflytta.

Den sveitsiske arkeologen Edouard Naville utførde utgravingar frå 1887 til -89, og fann ei rekkje tempel til Atum, Bastet og sonen hennar Mihos, og ulike faraoer. Han fann også embetsmannsgraver og gravlagde, gjerne mumifiserte kattar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]