Katt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katt
Katt
Katt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Kattefamilien Felidae
Underfamilie: Felinae
Slekt: Felis
Art: Villkatt F. silvestris
Underart: Katt F. s. catus
Vitskapleg namn
Felis silvestris catus
Felis silvestris catus
Katt som leiker

Katt er eit kjæledyr og rovdyr frå kattefamilien.Tamkatten (Felis silvestris catus) stammar frå villkatten, og er òg kjend som huskatt, pusekatt, kattepus og berre katt eller pus. Tamkatten har stundom gått under det latinske namnet Felis silvestris domesticus.

Avstamming[endre | endre wikiteksten]

Tamkatten skil seg frå villkatten, Felis silvestris, i temperament, pels, storleik og tannplassering, og er ikkje like resistent mot visse blodkreftsjukdomar som vert spreidde gjennom virus. Ofte vert forvilla tamkattar ukorrekt kalla for «villkattar».

Katten har truleg oppstått av den nordafrikanske villkattrasen Felis silvestris ssp. lybica, som er ganske lett å temje, eventuelt para med europeisk villkatt. Kor lenge katten har levd nær menneske, er uklårt, det vert tala om mellom 9000 og 15000 år. Egyptarane er blant dei som i lengst tid har hatt katt som husdyr.

Kattar og større katteartar[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå storleiken er det ikkje så mykje som skil ein villkatt frå til dømes ein tiger. Tigeren er likevel meir aggressiv og har meir musklar i høve til storleiken. Katten er dessutan ein meir opportunistisk jeger på den måten at han kan drepe og ete langt fleire artar. For store kattedyr som tigeren vil det vere sløsing av energi å jakte på mus, sett i høve til den vesle næringa han får tilbake på det. Unnataket er leoparden som òg jagar mindre dyr.

Ein annan skilnad er at kattar ikkje kan brøle, og at dei kan male både når dei pustar inn og ut.

Vanar[endre | endre wikiteksten]

Katten kan kommunisere med menneske ved å mjaue. Det varierer frå katt til katt kor mykje han mjauar. Ein katt kan mjaue på ulike måtar, og dimed kome med ulike bodskapar. Ein vanleg grunn til at katten mjauar, er at han ber om noko, til dømes å få mat eller få gå ut. Han kan òg mjaue når han vil helse på nokon eller vil leike.

Katten nyttar halen til å halde balansen. Halen kan òg vise sinnsstemningar; ein hale som peikar rett opp, inneber at katten kjenner seg tilfreds, medan ein hale som peikar ned, tyder at han er utrygg eller har lågare rang. Det kan òg tyde at katten viser at «eg gjev meg». Ein kan samanlikne det med dårleg kroppshaldning hjå menneske, som på ein måte seier det same.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Katten har sjølvlysande augo, og ser like godt natt som dag. Det er på grunn av dei svære pupillane som tek inn meir ljos enn menneskeaugo kan. Kattar har òg ei hinne bak netthinna, tapetum lucidum, som speglar synleg ljos attende på netthinna slik at den kan fange opp meir ljos. Dei har attpåtil fire gonger så god høyrsel som menneske. Alt dette er sjølvsagt fordi katten er eit rovdyr som jaktar mykje om natta.

Ein katt kan verte 20 år gamal, men huskattar vert ofte påkøyrde. Faren er størst medan dei er unge og vågale med lita røynsle.

Katten er, i motsetnad til dei fleste andre husdyr, ikkje eit flokkdyr. Det fører til at katten vert knytt til staden der han bur, og ikkje menneska han bur hjå. Flytter ein med ein vaksen katt, vil difor katten ofte fare attende til den gamle heimen, der han kjenner att omgjevnadene. Held ein katten inne dei fyrste vekene, vil katten gjere seg van med den nye staden.

Huskatten søv om lag 16 timar om dagen.

Genetikk[endre | endre wikiteksten]

Spontant muterte kattar med blå augo og kvit pels, har ein høgare genetisk risiko for å verte fødde dauve. Kvite rasar vert derimot ikkje omfatta av denne defekten, det har å gjere med det dominante W-genet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]