Buklanding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Eit de Havilland Dash 8 frå flyselskapet ANA etter ein buklanding på Kochi Airport den 13. Mars 2007, der landingsstellet framme ikkje falda seg ut.
Eit de Havilland Dash 8 frå flyselskapet ANA etter ein buklanding på Kochi Airport den 13. Mars 2007, der landingsstellet framme ikkje falda seg ut.

Buklanding er ein naudlandingsprosedyre der et fly landar med et eller fleire landingshjul heilt eller delvis trekt inn, og som dermed nyttar undersiden, eller buken, på flyet som den primære landingsflata. Ein buklanding fører normalt til alvorleg skade på flyet.

Buklandingar er spesielt risikable på grunn av mogleiken for at flyet tar fyr, eksploderer, ruller ukontrollert eller går i oppløysing om landingshastigheita er for stor eller flyet tar bakken altfor hardt. Høg presisjon er naudsynt for å sørgje for at flyet landar så rett og flatt som mogleg, samtidig som man opprettheld høg nok fart til at flyet framleis kan kontrollerast. Sterk sidevind, dårleg sikt, skade på flyet eller øydelagde flyinstrument aukar faren dramatisk ved ein buklanding.

Personlege verktøy