Bunnefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bunnefjorden er den delen av Oslofjorden som ligg aust for Nesoddlandet. Den nordaustlege delen av Bunnefjorden ligg i Oslo kommune, den inste (sørlegaste) delen ligg i Ås kommune og resten er delt mellom Nesodden og Frogn kommunar i vest og Oppegård kommune i aust. Bunnefjorden er om lag 17 kilometer lang.

Bunnefjorden har i lange periodar, det vil seie over fleire år, lita eller inga vassutskifting og vatnet har dårleg kvalitet, særleg nær botnen. Det er ingen større elvar som renn ut i Bunnefjorden.

Dei største øyane i Bunnefjorden er Langøyene, Malmøya, Ulvøya, Ormøya, Gressholmen og Husbergøya.