Malmøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vinterbilete frå austsida av Malmøya i Oslo

Malmøya er ei drygt 600 dekar stor øy som ligg i Bunnefjorden (aust i Oslofjorden), om lag 8 km sør for Oslo sentrum og rett vest av Ulvøya i Oslo kommune.

Malmøya dyrefredingsområde[endre | endre wikiteksten]

Malmøya dyrefredingsområde (VV00000727) utgjer eit 573 da stort område på øya og vart freda 2. november 1979. Tanken var i første rekke å verne fuglelivet på øya, som har stor verdi som raste-, beite- og hekkeområde for sjøfuglar.[1]

I tillegg til dyrefredingsområdet på Malmøya er det av geologiske årsaker freda sju naturminner i det same området. Alle vart freda samstundes med dyrefredningsområdet. Dette er:

  1. Malmøykalven naturminne (104 da)
  2. Hertugskjær naturminne (1 da)
  3. Kaninøya naturminne (4 da)
  4. Søndre Malmøya naturminne (147 da)
  5. Malmøya Brygge naturminne (4 da)
  6. Nordre Malmøya naturminne (30 da)
  7. Malmøyskjær naturminne (1 da)

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Malmøya og dei andre øyane i Oslofjorden høyrer til Oslofeltet med avsettingsbergartar frå kambrosilurtiden. I tillegg finst det vulkanske lavaar og intrusivar frå permtida. I dei sedimentære bergartane finst fossil av armføtingar, trilobitter, korallar, blekksprutar og graptolittar.

I permtida pressa vulkansk lava seg opp gjennom dei eldre bergartane i jordskorpa. Rombeporfyr og basalt er smeltemassar som har strøymd ut på overflata, medan granitt er smeltemasse som størkna lenger nede i jordskorpa. Striper i overflaten på svaberg er orientert nordvest-søraust og er danna av isen sine rørsler i slutten av siste istid for noko meir enn 10 000 år siden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°52′N 10°45′E