Busto Arsizio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Busto Arsizio
Byvåpenet til Busto Arsizio
Byvåpenet til Busto Arsizio


Plassering
Busto Arsizio is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Varese
Borgarmeister Gianluigi Farioli
Geografi
Flatevidd
 - By

30,27 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

80 135
  2647/km²
Koordinatar 45°36′″N 8°50′″EKoordinatar: 45°36′″N 8°50′″E
Høgd over havet 226 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 21052
Telefon-retningsnummer 0331
Nettstad: www.comune.bustoarsizio.va.it

Busto Arsizio er ein by i provinsen Varese i regionen Lombardia i Italia. Han har om lag 80 000 innbyggjarar og ligg om lag 25 km nord for Milano. Hovudnæringa i byen er industri og handel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Busto Arsizio var busett av ligurarar i førhistorisk tid. Dei vart etterfulgt av insubrarar på 500-talet fvt., men dei vart truleg slått og erobra av etruskarane. Ein veit ikkje stort om Busto Arsizio fram til 900-talet då staden først vart nemnd i skiftlege kjelder. På 1200-talet vart byen kjend for produksjon av tekstilar. Byen voks gradvis, sjølv under dei mange herrane som styrte byen som vasallar under Milano. På 1800-talet tok industrialiseringa over og i løpet av nokre tiår vart Busto Arsizio kalla «Italia sitt svar på Manchester». I 1864 fekk han bystatus av kong Victor Emmanuel II av Italia.

Byen vart visstnok berre råka av ei enkel bombe under den andre verdskrigen, men som industrisenter vart det produsert mykje krigsmateriell her. I 1960- og 1970-åra vart nedgangstider for industrien og hovudnæringane flytta seg meir over på småbedrifter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]