CP-symmetri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

CP-symmetri er ein kombinert ladnings- og speglingssymmetri og seier at fysikklovene burde vere dei same viss ein partikkel vart byta ut med antipartikkelen sin (C-symmetri eller ladningssymmetri), og venstre og høgre vart byta om (P-symmetri eller speglingssymmetri)

Eit CP-brot er eit brot på denne symmetrien, som vart oppdaga i 1964 under nedbryting av nøytrale kaon. Denne oppdaginga førte til at James Cronin og Val Fitch fekk nobelprisen i fysikk i 1980.

Symmetribrotet spelar ei viktig rolle i både korleis kosmologien prøver å forklare at materie dominerer over antimaterie i universet, og i studiet av den svake vekselverknaden i partikkelfysikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]