Universet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diagram over universet i det katalanske atlaset frå 1300-talet

Universet vert definert som heilskapen av alt som eksisterer, derfor all fysisk masse og energi, planetar, stjerner, galaksar, og alt i det intergalaktiske rommet.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Det djupaste synlege lyset som det er tatt bilete av i kosmos. Hubble Ultra Deep Field

Universet inkluderer alt, frå det minste til det største. Om ein startar i det minste (kjente), har ein kvarkar. Dei er byggesteinane i elektron, proton og nøytron. Dei igjen kan danne atom. Fleire atom kan saman danne eit molekyl, og mange molekyl dannar ein substans, for eksempel leire eller ein hudcelle. Mange nok molekyl dannar forskjellige kombinasjonar handfaste ting, som for eksempel stein eller menneske. Finn tilstrekkeleg mange molekyl saman, kan ein ende opp med heile planetar eller soler. Null eller fleire planetar rundt ei sol dannar så eit solsystem, og fleire solsystem dannar ein galakse, for eksempel Mjølkevegen (Vinterbrauta). Det finst om lag 100 milliardar galaksar i det synlege universet, og langt dei fleste av desse finn ein «klumpa saman» i galaksehopar med enorme avstandar imellom. Galaksehopane er likevel bundne saman i superklynger av tyngdekrafta. Mellom superklyngene finst berre dét som det aller meste av universet består av: tomt rom, med eit mykje meir perfekt vakuum enn det er mogleg å få til på jorda, men likevel fylt av stråling.

Innan vitskapen er det no flest tilhengarar av ein teori om at universet oppstod gjennom Big Bang for om lag 13,7 milliardar år sidan, med ein feilmargin på 1 prosent (± 200 millionar år). Dette er i følgje NASA's Wilkinson Microwave Anisotropy Probe (WMAP) og basert på at dei underliggande modellane for dataanalyse er korrekte. Ein annan estimeringsmetode vil gje ein annan alder.

Ekspansjonen frå Big Bang pågår framleis, og moderne forsking synest å tyde på at den til og med akselererer. Fleire teoriar har vortne lagde fram kring kva som driv ekspansjonen. No for tida er den mest populære teorien at det er mørk energi. Resultatet blir eit univers som blir større og større og der dei ulike delane av universet går stadig lengre frå kvarandre.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Universum - C. Flammarion, Woodcut, Paris 1888, Coloration : Heikenwaelder Hugo, Wien 1998

Ordet "univers" er frå latin, og i norsk fanst det før ei rekkje ord og omgrep som var meint å dekkje same omgrepet.

  • Heimen kunne tyde både jorda og universet. Om ein snakka særskilt om universet var og Allheimen nytta.
  • Himmelrømdi (verdsrommet) har og vore i vanleg bruk: Me sjå uti rømdi så styr ei kring, der stjernor i nattyi yrja (Ivar Aasen: Vit og tru). Etter det, som fyrr er sagt, er Jordi sjølv ein svivande klump eller klot i den store himmelrømdi (Aasen: Heimsyn).
  • Olav Aukrust sette saman Allheimen og Himmelrømdi, og fekk eit vidtfemnande omgrep: ...Inn i brusande allheimsrømdi, - (Himmelvarden).

Altet er og nytta om universet, særleg i meir metafysisk forståing: «Uendelig alt, hvor det minste og største / løper i ett.» (B.Bjørnson: «Salme II»). Altet svarar i røynda til Allheimen.

Universet i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Douglas Adams sin humoristiske science fiction-trilogi Haikerens guide til galaksen påstår at om nokon hadde funne ut korleis universet eigentleg fungerte, ville det straks bli borte og erstatta med eit univers som er enda meir komplekst og uforståeleg. Han skriv vidare at andre hevdar at dette allereie har skjedd.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]