Cambridge i Massachusetts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rådhuset i Cambridge

Cambridge er ein by i Middlesex County i delstaten Massachusetts i USA. Byen ligg kloss inntil Boston, berre åtskild frå storbyen av elva Charles. I fylgje folketeljinga 2010, United States Census, hadde byen vel 105 000 ibuarar.

Byen vart grunnlagd i 1630. Han har namn etter University of Cambridge i England, eit viktig senter for den puritanske teologien som byfedrene bekjende seg til. To av dei høgst renommerte universiteta i verda; Harvard University og Massachusetts Institute of Technology ligg i Cambridge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]