Campaign for Nuclear Disarmament

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
CND-symbolet, teikna av Gerald Holtom i 1958. Det var seinare eit universelt fredssymbol nytta i mange utgåver verda over.[1]

Campaign for Nuclear Disarmament (CND, «Kampanjen for kjernefysisk nedrusting») er ein organisasjon som kjempar for kjernefysisk nedrusting i Storbritannia og for internasjonal kjernefysisk nedrusting og tettare internasjonale reguleringar gjennom avtalar som Ikkjespreiingsavtalen. Han er imot militære handlingar som kan føre til bruk av atomvåpen, kjemisk krigføring eller biologiske våpen, og mot bygging av atomkraftverk i Storbritannia.

CND vart skipa i 1957, og sidan den gong har dei i periodar fronta fredsrørsla i Storbritannia. Dei hevdar å vere den største fredskampanjen retta mot ei sak i Europa. Sidan 1958 har dei organisert Aldermaston-marsjen som vert halde kvar påske frå Trafalgar Square i London til Atomic Weapons Establishment nær Aldermaston.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BBC NEWS : Magazine : World's best-known protest symbol turns 50». 20 March 2008. http://news.bbc.co.uk/1/hi/magazine/7292252.stm. Henta 14. oktober 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]