Cape Dalton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cape Dalton
nes
Land  Antarktis
Stad Mac. Robertson Land
 - koordinatar 66°53′S 56°44′E / 66.883°S 56.733°E / -66.883; 56.733
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Cape Dalton
66°53′00″S 56°44′00″E / 66.8833°S 56.7333°E / -66.8833; 56.7333
Cape Dalton is located in Antarktis
Cape Dalton (Antarktis)

Cape Dalton er eit nes på søraustenden av ei snødekt øy, kring 1 nautisk mil nord for Brattodden på vestsida av Edward VIII Bay. Det vart først kartlagd av norske kartografar frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen (1936–37) og sjølv om det ikkje fekk eit namn på kartet deira, vart neset rekna med som ein del av dei to større nessa kalla «Skutenes» og «Skutenesmulen.» Skutenes vart sidan kartlagd av Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) som to snødekte øyar, og dei to norske namna høva derfor ikkje lenger. ANARE kalla neset Cape Dalton opp etter R.F.M. Dalton, øvstkommanderande for arbeidet til ANARE ved Macquarieøya i 1953.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dalton, Cape». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Dalton, Cape» (innhald frå Geographic Names Information System).