Nautisk mil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei historiske definisjonane av av meter og nautisk mil tek utgangspunkt i avstanden frå ekvator til pol

Nautisk mil (forkorta n. mil, NM eller nmi) eller sjømil[1], tidlegare kalla kvartmil, er ei måleining for lengde som blir brukt i sjø og luftfart. Ei nautisk mil er fastsett til eksakt 1852 meter, om lag lengda på eit breiddeminutt. Eininga er i Noreg tillaten inntil vidare for bruk innan sjø- og luftfart[2], men må ikkje forvekslast med SI-eininga nm.

Ei nautisk mil vart opphavleg definert som omkrinsen til Jorda (40 000 kilometer) delt på 360 grader og deretter på 60 (minutt). Ei nautisk mil tilsvarar om lag avstanden nord-sør langs eit breiddeminutt.

meter.

Ei kvartmil, som er omtrent like lang som ei nautisk mil, er firedelen av den eldre måleininga sjømil eller geografisk mil, som er på 7 421 meter.

Tidlegare vart ei nautisk mil òg definert lik eit distanseminutt eller ekvatorminutt.

Referansar[endre | endre wikiteksten]