Carsten Thomassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den norske journalisten med same namn, sjå Carsten Thomassen (1969-2008).

Carsten Thomassen (f. 22. august 1948 i Grindsted) er ein dansk matematikar og professor i matematikk ved Danmarks Tekniske Universitet. Han er medlem av Det kongelige danske Videnskabsakademi sidan 1990. Forskinga hans dreier seg og diskret matematikk med hovudvekt på grafteori.

Thomassen er sjefsredaktør for Journal of Graph Theory og Electronic Journal of Combinatorics og redaktør for Combinatorica, The Journal of Combinatorial Theory, Ser B, Discrete Mathematics og European Journal of Combinatorics.

Han fekk the Dedicatory Award of the 6th International Conference on the Theory and Applications of Graphs av Western Michigan University i mai 1988, the Lester R. Ford Award av the Mathematical Association of America i 1993 og the Faculty of Mathematics Alumni Achievement Medal av University of Waterloo i 2005. Han er oppført på lista over dei 250 mest siterte matematikarane på the ISI Web of Knowledge. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]