Cellekontakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein cellekontakt er eit spesielt proteinkompleks som dannar kontakt mellom to celler eller mellom ei celle og mellomcellesubstansen den badar i. Cellekontaktar er spesielt vanlege mellom epitelceller og omfattar mellom anna

  1. Hemidesosomar mellom ei epitelcelle og den basale laminaen den kviler på.
  2. Gap-junction mellom to epitelceller; gjev passasje for små, vassløyselege molekyl.
  3. Desmosomar mellom to epitelceller; bind saman intermediate filament i cellene.
  4. Adherens-junction mellom to epitelceller; bind saman aktinfilament i cellene.
  5. Tight junction mellom to epitelceller; knyt cellene tett saman.