Celle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om biologisk celle. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Celle (fleirtyding).
Kunstig farga celler frå trollblom (Rhoeo discolor).

Cella eller sella er grunneininga i alt liv på jorda. Ein organisme kan enten vere eincella, eller ho kan vere samansett av mange celler som tilsaman dannar ei organisme. Kunnskapen om at celler er grunneininga for alt liv, stammar frå 1800-talet. Sidan den gongen har ein visst at alle celler stammar frå andre celler, at dei er i stand til å reprodusere seg ved å dele seg i to identiske kopiar.

Ordet celle kjem frå latin cella, eit lite rom. Sjølve namnet celle stammar frå Robert Hooke, som meinte at korkceller likna små rom.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Celler er sjølvstendige einingar og kan ta opp næring og vedlikehalde og formeire seg sjølv. I fleircella organismar er dette regulert ved at cellene kan sende signal til kvarandre, og på den måten samarbeide og opptre som ei organisme, og ikkje berre ei samling celler. Eit par eigenskapar er felles for alle celler, og derfor for alt liv

  • Reproduksjon ved celledeling.
  • Metabolisme, dvs at cella tar opp stoff i miljøet, byggar dei ulike komponentane i cella, brukar energi og frigjer biprodukt eller avfallsstoff tilbake til miljøet.
  • Evna til å reagere på endringar i miljøet slik som temperatur, pH, næringstilgang eller signal frå andre celler i fleircella organismar.

Celletypar[endre | endre wikiteksten]

Det finst to hovudtypar av celler, prokaryote og eukaryote celler. Prokaryote celler er bakterier og arkebakteriar. Dei er relativt enkelt bygd opp, og er alle eincella organismar, men kan leve i koloniar. Eukaryotar er meir komplekse celler, og alle plantar dyr og sopp er eukaryotar.

Prokaryote celler[endre | endre wikiteksten]

Prokaryotar er enkle eincella organismar. Prokaryote celler har cellemembran, cytoplasma, ribosomar og eit enkelt sirkulært DNA-molekyl. Bakteriar har cellevegg utanpå cellemembranen, og kan ofte ha eit eller fleire plasmid, som er små sirkulære DNA-molekyl i tillegg til det store hovudmolekylet. Mange bakteriar har flagellar som blir brukt til framdrift.

Eukaryote celler[endre | endre wikiteksten]

Alle fleircella organismar er eukaryotar. Eukaryotar har ein meir kompleks struktur enn prokaryotar. Dei har cellemembran og cytoplasma som prokaryotar, men har i tillegg cellekjerne der alt DNAet er. Til skilnad frå prokaryotar er DNAet lineært, og det er til vanleg fleire kromosom, som kvart har eit DNA-molekyl, men i tillegg òg har protein, blant anna kromatin, som nøstar opp DNA-molekylet. Mitokondriane er små einingar som reproduserer seg sjølv, og er «kraftverket» i cella. Her blir energirike molekyl omdanna til varme, eller til ATP, som andre delar av cella brukar til energikrevjande kjemiske reaksjonar.

Samansetning[endre | endre wikiteksten]

Skjematisk framstilling av ei dyrecelle med organellar: (1) kromosomar (2) cellekjerne (3) ribosom (4) vesicle,(5) rough endoplasmatisk reticulum (ER), (6) Golgiapparat, (7) Cytoskjelett, (8) smooth ER, (9) Mitokondrie, (10) Vakuole, (11) Cytoplasma, (12) Lysosom, (13) Sentriole

Celler er samansett av fleire ulike typar organellar som har ulike funksjonar i cella. Prokaryotar har relativt få samanlikna med eukaryotar.

Cellemembranen vernar det indre av cella og regularer kva stoff som går ut og inn av cella. Cellemembranen er samansett av eit dobbelt lag av fosfolipid, der det er sett inn protein. Proteina kan ha oppgåver som kanalar, signalmotakarar eller vere enzym. Mange bakteriar har to lag membranar.

Cytoplasma[endre | endre wikiteksten]

Cytoplasmaet er den væskefylte indre delen av cella, og blir heldt på plass av cellemembranen. Cytoplasmaet er ei væske som inneheld protein og saltar. I Dei fleste organellane flyt fritt i cytoplasmaet, og er rekna som ein del av cytoplasmaet. I prokaryote celler er det få organellar, og dei fleste livsfunksjonane skjer i direkte i cytoplasmaet eller cellemembranen.

Ribosom[endre | endre wikiteksten]

Proteinsyntesen skjer i ribosoma. Ribosoma bind til seg mRNA-molekyla som er utrykt frå gena i DNA-molekyla, og lagar proteina basert på den genetiske koden, i den eksakte rekkefølgja spesifisert i genet.

Cellevegg[endre | endre wikiteksten]

Planter, bakteriar og sopp, men ikkje dyr og arkebakteriar har cellevegg. Dette er eit ekstra lag polysakkarid som gir ekstra vern. I plantar er dette cellulose.

Cellekjerne[endre | endre wikiteksten]

Eukaryote celler har ei cellekjerne, som inneheld alle kromosoma i cella.

Mitokondriar[endre | endre wikiteksten]

Mitokondriar finst i alle eukaryote celler, og omdannar energirike molekyl til varme og ATP, som andre delar av cella kan bruke til energikrevjande reaksjonar. Mitokondriar er delvis sjølvstendige einingar som har sitt eige sirkulære DNA og ein dobbel cellemembran. Ein teori er at mitokondriane oppstod ved at ein bakterie levde i symbiose med organismen som alle eukaryote celler stammar frå.

Kloroplastar[endre | endre wikiteksten]

Kloroplastar kan ein finne i planter, og er ansvarleg for fotosyntesen som omdannar lys, vatn og CO2 til glykose, som sidan kan brukast som energikjelde og byggestoff for alle andre funksjonar i organismen. På same måte som mitokondriane, har kloroplastane eit dobbelt lag av membranar og sitt eige sirkulære DNA.

Endoplasmatisk reticulum[endre | endre wikiteksten]

Endoplasmatisk reticulum (ER) er eit system av membranar og kanalar for transport av protein som skal modifiserast etter dei er laga eller er meint å hamne på ein spesiell plass i cella, og ikkje rett i cytoplasmaet. Det er to former for ER, det glatte ER og det rue ER. Det rue ER har ribosom på overflata, og er ansvarleg for mykje av proteinsyntesen, modifisering av protein. Protein som skal bli verande i ER eller ekstraherast ut av cella vert produsert i det rue ER. Det glatte ER har ikkje ribosom på overflata er ansvarleg for syntese av lipid (feittstoff) og fjerning av giftstoff.

Golgiapparatet[endre | endre wikiteksten]

Golgiapparatet er det sentrale distribusjonssystemet for protein i cella, og produserer lysosom. Dei er samansett av ei rekke kraftig folda membranar.

Lysosom[endre | endre wikiteksten]

Lysosoma er små membranblærer som inneheld nedbrytingsenzym for å bryte ned protein og feitt cella brukar som næring. Desse enzyma ville brote ned cella om dei hadde sirkulert fritt i cytoplasmaet. Lysosoma kan bli smelta saman med næringspartiklar cella har fanga opp med fagocytose, dvs at cella har snurpa cellememranen rundt partikkelen og importert han til ei lomme i cella. Enzyma i lysosoma kan da bryte ned næringsstoffet. Lysosoma kan i tillegg øydeleggje celleveggen, ettersom dei verkar nedbrytande på peptidoglykanet i både Gram-positive og Gram-negative celler. Ettersom laget med peptidoglykan er ein god del tynnare i sistnemnde (om lag 5 % tørrvekt av celleveggen) i høve til til kva tilfellet er for Gram-positive (mellom 40-80 % tørrvekt av celleveggen), seier det seg sjølv at lysosoma verkar mest nedbrytande på Gram-negative bakteriar.