Cenomanium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Cenomanium (òg kalla woodbinium) er den første alderen i epoken sein kritt. Han varte frå 99,6 ± 0,9 til 93,5 ± 0,8 millionar år sidan. Cenomanium kjem etter albium i tidleg kritt og før turonium i sein kritt.

Cenomanium er kjend for å ha hatt det høgaste havnivået som har vore dei siste 600 millionar åra, om lag 150 meter høgare enn i dag. Store delar av det som i dag er tørt land låg dermed under grunnhav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kritt
Tidleg/nedre kritt Øvre/sein kritt
Berriasium | Valanginium | Hauterivium
Barremium | Aptium | Albium
Cenomanium | Turonium | Coniacium
Santonium | Campanium | Maastrichtium