Maastrichtium
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maastrichtium er den siste alderen i epoken sein kritt, heile krittida og heile mesozoikum. Han varte frå 70,6 ± 0,6 til 65,5 ± 0,3 millionar år sidan. Maastrichtium kjem etter campanium og før danium i paleogen. Han er kalla opp etter Maastricht, ein by i Nederland, der det er funne mange fossil frå perioden, mellom anna var det her mosasauren vart oppdaga.
Mot slutten av denne perioden var det ei masseutrydding kalla kritt-tertiær-utryddinga, der mange kjende dinosaurar, dei som ikkje utvikla seg vidare til fuglar, døydde ut, samt svaneøgler, mosasaurar og mange andre mindre kjende grupper.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Maastrichtian» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2008.
| Kritt | |
|---|---|
| Tidleg/nedre kritt | Øvre/sein kritt |
| Berriasium | Valanginium | Hauterivium Barremium | Aptium | Albium |
Cenomanium | Turonium | Coniacium Santonium | Campanium | Maastrichtium |