Charles Julien Brianchon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Charles Julien Brianchon (uttale briãʃˈɔ) (fødd 19. desember 1783 i Sèvres, død 29. april 1864 i Versailles) var ein fransk matematikar og offiser.

Brianchon var ei tid professor ved den franske artilleriskulen. Han skreiv matematiske verk og Brianchon-satsen er særleg kjend. Denne seier at når ein sekskant er omskriven om eit kjeglesnitt, så går dei tre diagonalane mellom motståande hjørne gjennom same punkt. Brianchon-satsen svarar dualt til Pascal-satsen om innskrivne sekskantar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]