Chioma Ajunwa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chioma Ajunwa
Statsborgarskap Nigeria
Fødd 25. desember 1970 (53 år)
Idrett friidrett, sprintløp, fotball
Tok del i

Sommar-OL 1996

Chioma Ajunwa (fødd 25. desember 1970) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Nigeria som i 1996 vart olympisk meister i lengdehopp. Ho vart dermed den fyrste frå Nigeria som vann ei olympisk gullmedalje for landet sitt.

Ajunwa var med i Nigerias tropp til Fotball-VM 1991, utan å få spele. Seinare same året vann ho lengdehopp-tevlinga i Afrika-leikane i Kairo i Egypt. Året etter vart ho hekta i ein dopingkontroll og stengd ute frå idrett i 4 år.

Under dei olympiske sommarleikane 1996 i Atlanta i USA tok Ajunwa leiinga i den fyrste finaleomgangen i lengdehopp. Med sitt livs lengste hopp på 7,12 meter vann ho gullmedaljen med god margin. Ho vart den dermed den fyrste svarte afrikanske kvinna som vart olympisk meister. I friidretts-VM 1997 hoppa Ajunwa lengst i kvalfiseringa med sine 7,01 m. I finalen skada ho seg i det fyrste hoppet og braut tevlinga.

Doping[endre | endre wikiteksten]

I 1992 testa Ajunwa posititv på anabole steroidar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]