Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Afrika

Afrika er den nest største verdsdelen, både i folketal og areal, etter Asia. Med ei flatevidd på 30 244 050 km² (inkludert øyane) dekker han 20,3 % av alt landarealet på jorda. Dei 800 millionar afrikanarane utgjer om lag sjuandeparten av alle menneske på jorda.

Arkeologisk og genetisk forsking tyder på at menneskja opphavleg kom frå Afrika og utvandra til resten av verda. Det er her ein finn dei eldste busette områda i verda.

I dag er verdsdelen hovudsakleg kjend for krig, svoltkatastrofar, AIDS-epidemi og fattigdom. Dette er eit noko skeivt bilde, ettersom me sjeldan høyrer om dei afrikanske landa der det går bra. Likevel er det slik at sidan Afrika blei kolonisert har verdsdelen strevd med å koma seg på beina.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Religion er ein viktig del av livet til mange afrikanarar, og dei har tilført sine eigne tradisjonar til innførte religionar som kristendom og islam. Mange følgjer òg heilt eller delvis gammal, gjerne animistisk, folketru. Det finst òg små grupper av afrikanske jødar.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ettersom menneska sannsynlegvis har levd lengst på det afrikanske kontinentet, har dei skapt mange ulike kulturar og kunstverk her. Det finst fleire førhistoriske bergunstskattar over heile kontinentet. Dei egyptiske pyramidane peiker seg ut i nord, medan den store Djenné-moskéen er eit hovudverk i Vest-Afrika.

Meir daglegdags kunst er treskjering, korgveving, kroppsdekorasjon og ein rik utøvande tradisjon av dans, song og forteljing.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Afrika har ei landegrense berre til Asia i nordaust, men til og med den tynne Suez-landbrua er i dag er gjennomskoren av Suezkanalen. I nord ligg Middelhavet som ei grense mot Europa, og elles møter Afrika Atlanterhavet og Det indiske havet. Kystlina til kontinentet er 26 000 km, noko som viser at ho er mykje jamnare enn den 32 000 km lange kystline til vesle Europa (som er 9 700 000 km²).

Det nordlegaste punktet er Ras ben Sakka i Marokko (37°21′ N) og det sørlegaste Kapp Agulhas i Sør-Africa (34°51′15″ S). Mellom desse er det rundt 8 000 kilometer. Frå det vestlegaste punktet, Kapp Verde (17°33′22″ W), til austlegaste, Ras Hafun i Somalia (51°27′52″ E), er det om lag 7 400 km.

Land[endre | endre wikiteksten]

Det finst 54 sjølvstendige statar i Afrika, 55 om ein reknar med Vest-Sahara som er okkupert av Marokko.

Sørlege Afrika[endre | endre wikiteksten]

Sentral-Afrika[endre | endre wikiteksten]

Vest-Afrika[endre | endre wikiteksten]

Nord-Afrika[endre | endre wikiteksten]

Aust-Afrika[endre | endre wikiteksten]

Øystatar[endre | endre wikiteksten]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Det afrikanske kontinent består av fem gamle grunnfjellsområde eller kratonar, som er sveisa saman med yngre fjellkjeder. Bergartar frå prekambrium er blottlagt i overflata på 57 % av kontinentet, medan resten har yngre avleiringar oppå dette grunnfjellet. For mindre enn 200 millionar år sidan reiv Sør-Amerika, Antarktis og Australia seg laus frå superkontinentet Gondwana og Afrika fekk då meir eller mindre den noverande forma si.

Sjå òg den afrikanske plata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Askheim, Svein & Bryhni, Inge. (2013, 11. november). Afrikas Geologi. I Store norske leksikon. Henta 21. januar 2014 frå http://snl.no/Afrikas_geologi.