Christian Heinrich Friedrich Peters
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Christian Heinrich Friedrich Peters (19. september 1813–18. juli 1890) var ein tysk-amerikansk astronom og ein tidleg asteroideoppdagar.
Christian vart fødd i Schleswig-Holstein, då del av Danmark, men seinare del av Tyskland, og studerte seinare under Carl Friedrich Gauss.
Han arbeidde ved Hamilton College i Clinton i New York og var ein driven asteroideoppdagar som i alt oppdaga 48. Den første asteroideoppdaginga hans var av 72 Feronia i 1861 medan den siste var av 287 Nephthys i 1889.
Bortsett frå asteroidar, oppdaga han òg den periodiske kometen 80P/Peters-Hartley samt diverse stjernetåker og galaksar.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Christian Heinrich Friedrich Peters» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.