Christiania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg fristaden Christiania, eit område i København i Danmark.

Christiania var namnet på byen Oslo frå 1624, då nedbrunne Oslo blei flytta og kalla opp etter Christian IV av Danmark-Noreg, til om lag 1870, då den fornorska stavingsforma «Kristiania» slo gjennom. Frå 1877 vart forma med K- brukt i matrikkel og statskalender og frå 1897 av dei kommunale etatane i byen.[1] I 1924 vart namnet på byen endra til «Oslo».

Christiania kunne bli forkorta til «Xania» eller «Chra.».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]