Claude-Gaspard Bachet de Méziriac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Claude-Gaspard Bachet

Claude-Gaspard Bachet de Méziriac (9. oktober 158126. februar 1638) var ein fransk diktar og matematikar.

Han skreiv poesisamlingar på fransk og latin, og vart medlem av Det franske akademiet då det vart grunnlagd i 1634. I matematikken arbeidde han med talteori og stilte mellom anna opp hypotesen om at eit kvart heilt tal kan skrivast som ein sum av fire kvadrattal. Dette vart sidan bevist av Joseph Louis Lagrange. Studiane til Méziriac, og særleg omsetjinga hans av verka til Diofant frå gresk, inspirerte Pierre de Fermat i det talteoretiske arbeidet hans. Det mest kjende verket til Méziriac er ei samling matematiske underhaldningsproblem, Problèmes plaisans et délectables qui se font par les nombres, frå 1612, som sidan er komen ut i mange utgåver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]