Bourg-en-Bresse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bourg-en-Bresse
Gate i Bourg-en-Bresse
Gate i Bourg-en-Bresse
Byvåpenet til Bourg-en-Bresse
Byvåpenet til Bourg-en-Bresse
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Rhône-Alpes
Ain
Geografi
Flatevidd
 - By

23,86 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

40 666
  1 704/km²
57 198
101 016
Koordinatar 46°12′20″N 05°13′44″EKoordinatar: 46°12′20″N 05°13′44″E
Høgd over havet 240 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.bourg-en-bresse.org

Bourg-en-Bresse (Bôrgfrankoprovensalsk språk) er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Ain, og var tidlegare hovudstad i den franske provinsen Bresse. Han ligg 60 km nordaust for Lyon, og har like over 40 000 innbyggjarar (kalla burgiennes og burgiens), medan storbyområdet har over 100 000.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bourg-en-Bresse ligg ved den vestlege foten av Jurafjella, ved den venstre breidda til elva Reyssouze, ei sideelv til Saône. Han ligg 60 km nordaust for Lyon og 50 km frå Lons-le-Saunier.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har oppdaga restar av romarane ved Bourg, men ein kjenner lite til den tidlege historia til byen. Byen vart ein fri by i 1250, og vart på byrjinga av 1400-talet vald av hertugane av Savoie som hovudstad i provinsen Bresse. I 1535 vart byen ein del av Frankrike, men vart gjeve tilbake til Hertug Philibert Emmanuel, som seinare bygde ein sterk festning som motstod ei seks månadar lang omleiring av Henrik IV sine soldatar. Byen vart til slutt fransk i 1601. I 1814 gjorde innbyggjarane motstand mot austerrikarane, som plyndra byen.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Inne i kyrkja Brou

Hovudnæringa til byen er handel med jernvarer, mineralvatn, talg, såpe og pottemakarvarer. Det ligg ei mølle og eit bryggeri i byen, og det vert òg handla mykje med korn, kveg og fjørfe.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bourg-en-Bresse