Comptoneffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Comptonspreiing

Comptonspreiing eller Comptoneffekten er innan fysikken ei nemning på det som skjer når eit foton vekselverkar med eit laust bunde elektron. Effekten viser seg i energitapet (og auka bølgjelengd) som eit røntgen- eller gammastrålefoton opplever når det kjem i kontakt med eit objekt. Vanlegvis snakkar ein i denne samanhengen berre om elektron som er ein del av atom.

Under kollisjonen mellom fotonet og eit elektron, tek elektronet opp noko av energien sjølv og sender ut eit nytt foton i ei anna retning. På denne måten fortset altså fotonet, men med mindre energi, medan elektronet blir lausrive frå atomet og blir eit sekundærelektron.

Arthur Holly Compton gjorde denne observasjonen for første gongen i 1923, noko han fekk Nobelprisen i fysikk for i 1927. Viktigheita av denne observasjonen ligg i det faktumet at det demonstrerer at ljos ikkje berre rører seg i bølgjeform (som blir vist med Thomsonspreiing), men at det òg rører seg i partikkelform.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]