Curt Adelaer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cort Adeler)
Curt Sivertsen Adelaer eller Cort Adeler, (26. desember 1622–15. november 1675) var ein norsk-dansk sjøhelt og admiral. Han vart fødd i Brevik, men hamna i krigsteneste for Nederland og seinare Venezia. Han tok namnet Adelaer då han vende attende til Nederland. Han vart adla og utnemnd til admiral i Danmark i 1663. Like før han døydde vart han øvstkommanderande for den dansk-norske flåten.
Kjelder[endre]
- «Adelaer» i Caplex.