Republikken Venezia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Serenissima Repubblica di Venezia
Den fornemste republikken av Venezia
Bystat
Flag of PalaeologusEmperor.svg
6971797 Flag of the Habsburg Monarchy.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Venezia
Grensene til Republikken Venezia i 1796
Hovudstad Venezia
Språk Venetiansk, latin, italiensk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Republikk
Doge
 - 1789–97 Ludovico Manin
Historie
 - Oppretta 697
 - Zaratraktaten 27. juni 1358
 - Leobentraktaten 17. april 1797
* Som regel vert opprettinga av republikken datert til 697.

Republikken Venezia (italiensk Serenissima Repubblica di Venezia, venetiansk Republica de Venesia) var ein italiensk stat som sprang opp rundt byen Venezia (i dag nordaust i Italia). Han eksisterte i over tusen år, frå byrjinga av 700-talet til slutten av 1700-talet.

Han vart ofte berre kalla Serenissima, ein refereanse til tittelen på italiensk, «den fornemste».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Venezia sprang ut frå ei rekkje samfunn i den venetianske lagunen som samla seg saman for å verne seg mot langobardar, hunarar og andre steppefolk då makta til romarane forsvann i Nord-Italia. Ein gong i løpet av byrjinga av 700-talet valde folket i lagunen sin første leiar, Ursus, som vart stadfesta av Austromarriket og fekk titlane hypatus og dux. Han var den første historiske dogen av Venezia. Forteljingane sidan tidleg på 1000-talet hevdar derimot at venetianrane først utnemnde Anafestus Paulicius til hertug i 697, men denne soga går ikkje lenger tilbake enn til krønikene til diakonen Johannes. Uansett kven av dei det var hadde dei første dogene base i Heraclea.

Framgang[endre | endre wikiteksten]

Ursus sin etterfølgjar Deusdedit flytta setet sitt frå Heraclea til Malamocco i 740-åra. Han var son av Ursus og prøvde å halde fram faren sitt ønske om å opprette eit dynasti. Slike forsøk var meir enn vanleg hos dogene dei første hundreåra i venetiansk historie, men ingen av dei klarte målet. Under regjeringstida til Deusdedit var Venezia det einaste austromerske landområdet i nord og endringar i politikken til Frankarriket byrja å endre synet til dei forskjellige fraksjonane av Venezia. Ein fraksjon var for austromarane og ønskte å halde nære band til riket. Ein annan fraksjon var meir republikanske og ønskte å halde fram mot praktisk sjølvstende. Den siste fraksjon var for Frankarriket. Dei var støtta av prestestanden som såg på den nye karolingiske kongen av frankarane, Pipin den yngre, som den som best kunne forsvare dei mot langobardane. Ein mindre fraksjon var for langobardane og ville ikkje knyte nære band til desse fjerne stormaktene og i staden halde fred med naboane sine.

Tidleg mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Etterkomarane av Obelerio arva eit sameina Venezia. Med Pax Nicephori (803) hadde dei to keisarane anerkjend Venezia som ein de facto sjølvstendig stat, medan han nominelt var ein del av Austromarriket. Under regjeringstida til Participazio voks Venezia til si moderne form. Sjølv om han var fødd i Heraclea, flytta Agnello, den første dogen i familien, til Rialto og styret hans markerte ei utviding av Venezia mot sjøen med konstruksjon av bruer, kanalar, moloar, festningsverk og steinbygningar. Det moderne Venezia, som er i eitt med sjøen, vart fødd. Agnello vart etterfylgt av son sin Giustiniano, som førte leivningane av Evangelisten Markus til Venezia frå Alexandria og gjorde han til vernehelgen av Venezia.

Under regjeringstida til etterfølgjaren til Participazio-familien, Pietro Tradonico, byrja Venezia å opprette militærmakta si som skulle ha innverknad på seinare krosstog og dominere Adriahavet i fleire hundreår. Tradonico sikra havet ved å slå slavisk og sarasenske sjørøvarar. Tradonico sitt styre var langt og suksessrikt (837–64), men han vart ettefylgd av Participazio-familien igjen og det ser ut til at det omsider vart oppretta eit dynasti.

Seinmellomalder[endre | endre wikiteksten]

Hestane til Markus, ført som hærfangst frå Konstantinopel i 1204.

I seinmellomalderen vart Venezia særs rik ved at dei kontrollerte handelen mellom Europa og Levanten og byrja å utvide landområda sine til Adriahavet og lengre. Venezia vart involvert i krosstoga nesten frå starten av og dei venetianske skipa assisterte erobringa av kystbyane i Syria etter det første krosstoget, og i 1123 fekk dei i praksis sjølvstyre i Kongedømet Jerusalem gjennom Pactum Warmundi. På 1100-talet fekk venetianarane omfattande handelsprivilegiar i Austromarriket og skipa deira gav ofte Riket ein marine. I 1182 oppstod det eit anti-vestleg opprør i Konstantinopel der venetianarane var hovudmålet. Den venetianske flåten var avgjerande for transport av troppar under det fjerde krosstoget, men då krossfararane ikkje kunne betale for skipa, utnytta den slu og manipulative dogen Enrico Dandolo situasjonen og gav dei tilbod om transport om dei kunne erobre den dalmatiske byen Zadar (italiensk Zara), som hadde gjort opprør mot det venetianske styret i 1183, og inngått ein avtale med vern frå Kyrkjestaten og kongen Emeric av Ungarn. Dei hadde bygd festningsverk som var for sterke til at Venezia kunne ta byen aleine. Etter dei hadde klart denne oppgava vart krosstoget igjen ført til Konstantinopel, hovudstaden i Austromarriket, ein annan av Venezia sine rivalar. Byen vart erobra og plyndra i 1204, ei plyndring som har vorte omtalt som den mest lønsame og skamlause i historia.[1] Venetianarane såg på åtaket som ein slags hemn for ein massakre, fleire år tidlegare, på venetianske innbyggjarar i Konstantinopel. Mange i Austromarriket hadde vorte sjalu på makta til Venezia og i 1182 marsjerte keisaremne Andronikos I Komnenos inn i Konstantinopel, og konfiskerte eigedomane til venetiarane, som vart anten fengsla eller landsforvist. Dette var audmjukande for Republikken, som vart sint. Austromarriket, som fram til 1204 klarte å stå imot fleire åtak og halde islamske fiendar borte frå det vestlege Anatolia og Balkan, vart gjenoppretta i 1261 av Mikael VIII Palaiologos, men fekk aldri tilbake makta dei ein gong hadde og vart til slutt erobra av Det osmanske riket, som seinare okkuperte Balkan og Ungarn, og ved to høve til og med omleira Wien. Venetianarane, som ledsaga krossfararflåten, tok sjølv mykje av krigsutbyttet, inkludert dei fire kjende bronsehestane, som vart ført tilbake til Venezia for å pryde Markuskyrkja. Då Austromarriket så vart delt opp, fekk Venezia store område i Egearhavet (tre åttandedelar av Austromarriket), inkludert øyane Kreta og Évvia. Dei egeiske øyane danna så det venetianske Hertugdømet Naxos.

Frå 1350 til 1381 var Venezia i krig med Genova. Etter først å ha tapt, slo dei den genuesiske flåten i slaget ved Chioggia i 1380 og tok tilbake makta dei hadde i dei austlege områda av Middelhavet.

Venetiansk fort i Návplio i Hellas. Dette er eit av mange fort som verna den venetianske handelsruta i det austlege Middelhavet.

1400-talet[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1400-talet byrja venetianarane å utvide riket sitt inn i Italia og langs kysten av Dalmatia frå Istria til Albania, som vart tatt frå Kong Ladislas av Napoli under borgarkrigen i Ungarn. Ladislas var i ferd med å tape krigen og valde å rømme til Napoli, men før han gjorde dette valde ha å selje dei dalmatiske byane han i praksis hadde mista for berre 100 000 dukatar. Venzia utnytta situasjonen og innførte raskt ein adel til å styre område, som Grev Filippo Stipanov i Zadar. Denne handlinga var eit svar på den trugande utvidinga til Giangaleazzo Visconti, Hertug av Milano. Kontroll over dei nordaustlege fastlandsrutene var òg nødvendig for å tryggleiken til handelen. I 1410 hadde Venezia tatt kontroll over det meste av Veneto, inkludert byar som Verona og Padova.

Situasjonen i Dalmatia hadde roa seg i 1408 med ein våpenkvile med kong Sigismund av Ungarn, men vanskar i Ungarn førte til slutt til at Republikken stadefesta posisjonen sin i Adriahavet. Då avtalen om våpenkvilen tok slutt invaderte Venezia straks partriarkatet Aquileia og la under seg Traù, Spalato, Durazzo og andre dalmatiske byar.

Det var mange slaviske slavar i dei italienske bystatane så seint som på 1400-talet. Mellom 1414 og 1423 vart om lag 10&nbsp,000 austeuropeiske slavar seld i Venezia.[2][3]

I 1489 vart øya Kypros, som tidlegare var ein krossfararstat (Kongedømet Kyrpos) annektert av Venezia.

Venetianske område i Hellas, 1450

Cambraiforbundet, Lepanto og tapet av Kypros[endre | endre wikiteksten]

Det osmanske riket byrja feltoga sine til sjøs i 1423 då dei hamna ut i ein sju år lang krig med Venezia om kontroll over Egearhavet og Adriahavet. Krigane med Venezia tok til igjen i 1463 fram til 1479 då ein gunstig fredsavtale vart signert. Utan motstand frå venetianarane kunne osmanarane i 1480 omleire Rhodos og erobre Otranto. Krigen med Venezia tok seg opp att frå 1499 til 1503.

I 1499 allierte Venezia seg med Ludvig XII av Frankrike mot Milano og fekk Cremona. Same året gjekk den osmanske sultanen til åtak på Lepanto til lands og støtta offensiven til sjøs. Antonio Grimani, som var meir ein kjøpmann og diplomat enn sjømann, vart slått til sjøs i slaget ved Zonchio i 1499. Osmanarane plyndra igjen Friuli. Venezia føretrakk fred framfor full krig mot tyrkarane og gav frå seg basane sine i Lepanto, Modon og Coron.

Merksemda til Venezia vart ført bort frå sjøen til den vanskelege situasjonen i Romagna, som då var eit av dei rikaste landområda i Italia, og som formelt var ein del av Kyrkjestaten, men som vart delt opp i ei rekkje herskap som dei romerske troppane hadde vanskar med å kontrollere. Mange vil ha ein bit av dei venetianske landområda og nabolanda gjekk saman i Cambraiforbundet i 1508 leia av Pave Julius II. Paven ønskte Romagna, keisar Maximilian I ønskte Friuli og Veneto, Spania ville ha hamnene i Puglia, Frankrike ville ha Cremona og Ungarn ønskte Dalmatia. Offensiven mot den store hæren til Venezia starta frå Frankrike. 14. mai 1509 tapte Venezia stort i slaget ved Agnadello i Ghiara d'Adda, ein av dei mest avgjerande hendingane i Venezia si historie. Franske og keisarlege troppar okkuperte Veneto, men Venezia klarte å trekke seg ut ved hjelp av hennar diplomatiske innsats. Hamnene i Puglia vart avstått for å kome til semje med Spania, og pave Julius II såg raskt farane ved ei total øydeleggjing av Venezia, som då var den einaste italienske makta som kunne stå imot kongedøme som Frankrike eller rike som det osmanske. Innbyggjarane på fastlandet stod fram til ropa «Marco, Marco», og Andrea Gritti gjenerobra Padova i juli 1509 og klarte å forsvare byen mot ei omleiring frå keisaren sine troppar. Spania og paven braut alliansen med Frankrike og Venezia fekk tilbake Brescia og Verona frå Frankrike. Etter sju år med særs øydeleggjande krig klarte Venezia å ta tilbake områda sine vest til elva Adda. Sjølv om tapet hadde snudd til siger, makerte hendingane i 1509 slutten på den venetianske ekspansjonen.

I 1489, det første året Venezia hadde kontroll over Kypros, gjekk tyrkarane til åtak på Karpasiahalvøya, plyndra området og tok fangar som vart seld som slavar. I 1539 gjekk den tyrkiske flåten til åtak på og øydela Limassol. I frykt for det stadig utvidande osmanske riket, bygde venetianarane festningsverk i Famagusta, Nicosia og Kyrenia, men dei andre byane var stort sett lette bytte.

Sommaren 1570 gjekk tyrkarane til åtak igjen, men denne gongen med ein fullskala invasjon og ikkje berre eit plyndringstokt. Om lag 60 000 soldatar, inkludert kavaleri og artilleri, under Mustafa Pasha, gjekk i land utan motstand nær Limassol den 2. juli 1570 og la omleiring rundt Nicosia. Då byen fall den 9. september 1570 vart 20 000 nikosiske grekarar og venetianarar avretta og kvar einaste kyrkje, offentlege bygg og palass vart plyndra. Rykte om massakren spreidde seg og eit par dagar seinare tok Mustafa Kyrenia utan å fyre av eit einaste skot. Famagusta gjorde derimot motstand og sette opp eit heroisk forsvar som varte frå september 1570 til august 1571.

Famagusta sitt fall markerte byrjinga på den osmanske perioden på Kypros. To månadar seinare slo marinen til Den heilage ligaen, som hovudsakleg bestod av skip frå Venezia, Spania og Kyrkjestaten under Don Johan av Austerrike, den tyrkiske flåten i slaget ved Lepanto i eit av dei mest avgjerande slaga i verdshistorien. Sigeren over tyrkarane kom deriomt for seint til å hjelpe Kypros, og øya vart verande under osmansk styre dei neste tre hundre åra.

1600-talet[endre | endre wikiteksten]

I 1605 oppstod det ein konflikt mellom Venezia og Pavestolen då to medlemmar av prestestanden vart arrestert og funne skuldig i mindre lovbrot og det vart vedtatt ei lov som avgrensa Kyrkja si rett til å ha og ta landområde. Pave Paul V meinte at desse lovene var imot kyrkjeretten og kravde at dei skulle opphevast. Då dette vart avslått la han Venezia under eit interdikt. Republikken brydde seg lite om interdiktet eller bannlysinga, og gav ordre til prestane sine om å halde fram i presteembetet. Interdiktet vart oppheva året etter då Frankrike blanda seg inn og la fram eit kompromissforslag. Venezia var nøgd med å få stadfesta prinsippet om at ingen borgarar var overordna dei normale lovene.

Nedgang[endre | endre wikiteksten]

Giovanni Battista Tiepolo, Neptun havet sin rikdom til Venezia, 1748–50. Dette måleriet er ein allegori for makta til Republikken Venezia.

I desember 1714 erklærte tyrkarane krig då Peloponnes (Morea) var «utan dei midlane som er så ønskeleg sjølv i land der hjelpa er nær som ikkje kan angripast frå sjøen».

Tyrkarane tok øyane Tínos og Éjina, kryssa Korinteidet og tok Korint. Daniele Dolfin, kommandøren på den venetianske flåten, meinte det var betre å redde flåten enn å risikere å tape han for Morea. Då han til slutt kom fram til krigsskodestaden hadde Nauplia, Modon, Corone og Malvasia fall. Levkáda i Dei joniske øyane og basane på Spinalonga og Suda på Kreta, som framleis var venetianske, vart forlatt. Tyrkarane gjekk til slutt i land på Kérkyra, men forsvarsstyrkane her klarte å drive dei bort. Samstundes hadde tyrkarane gått på eit stortap for austerrikarane i slaget ved Petrovaradin den 5. august 1716. Innsatsen til den venetianske marinen i Egearhavet og Dardanellane i 1717 og 1718, men hadde lite suksess. Med Passarowitz-traktaten (21. juli 1718) fekk Austerrike store landområde, men Venezia mista Morea, og vart kompensert med små område i Albania og Dalmatia. Dette var den siste krigen mot Det osmanske riket.

Fallet[endre | endre wikiteksten]

Våren 1796 fall Piemonte og austerrikarane vart slått frå Montenotte til Lodi. Hæren til Napoleon kryssa grensene til det nøytrale Venezia for å følgje etter fienden. Mot slutten av året okkuperte dei franske troppane den venetianske staten opp til Adige. Vicenza, Cadore og Friuli vart halde av austerrikarane. Med felttoga det neste året prøvde Napoleon å ta Austerrike sine område på andre sida av Alpane. Med Leobentraktaten, der vilkåra har vorte halde hemmelege, fekk austerrike halde dei venetianske områda dei hadde tatt.

Styre[endre | endre wikiteksten]

Dei første åra av republikken kan det politiske systemet klassifiserast som autokrati med dogen som den øvste leiaren. Snart vart dogen underlagt Promissione, som var eit løfte han måtte ta då han vart vald, og som avgrensa makta hans kraftig. Som følgje av dette vart makta delt mellom dogen og Storrådet. I 1223 hadde Rialto-familien drastisk minska makta til dogen ved å opprette eit rådgjevande organ, Signoria av Venezia og ein høgsterett, Quarantia. Dei oppretta òg to organ kalla sapientes, som seinare vart utvida til seks organ. Kombinasjonen av sapientes og visse andre grupper vart kalla ein collegio, eit slags departement som utførte nokre av funksjonane til regjeringa. Eit senat kalla Consiglio dei Pregadi vart oppretta i 1229 med seksti medlemmer vald av Storrådet[4]. I denne perioden hadde dogen lite makt igjen og den eigentlege styresmakta vart utført av Storrådet, eit svært avgrensa og parlamentliknande organ som berre hadde medlemmer frå dei aristokratiske familiane. Venezia hevda at styringsforma deira var ein «klassisk republikk» frodi det var ei blanding av tre grunnelement frå ei blandingsregjering med kongeleg makt i dogen, artokratiet i senatet, og det demokratiske i Storrådet[5].

I 1335 vart Rådet av ti oppretta, og vart så mektig og løyndomsfull, at ved rundt 1600 hadde makta deira vorte avgrensa. Makta deira varierte med åra frå å vere underlagt Storrådet til å dominere over det.

Ei lov i 1539 innførte statsforhørsdommarar, seinare kjend som høgsteretten. Dei var tre dommarar, den eine vart populært kalla Il Rosso, «den raude», som vart vald frå rådsmedlemmene til dogen, og som gjekk med purpurfarga kapper, og to frå Rådet av Ti, kalla I negri, «Dei svarte». Dei starta som eit hemmeleg organ i ei vanskeleg tid då Venezia følte seg omringa av Habsburgarane og gradvis tok over noko av makta til Rådet av Ti. Ved hjelp av spionasje, kontraspionasje og intern overvaking nytta dei eit nettverk av informantar og «fortrulege».

I 1556 vart provveditori ai beni inculti oppretta for å betre jordbruket der ein ville utvide områda som kunne oppdyrkast ved å oppfordre til private investeringar i jordbruksutvikling. Den stadig høgare prisen på korn utover 1500-talet førte til at ein overførte kapital frå handel til land.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Phillips, The Fourth Crusade and the Sack of Constantinople, intro., xiii)
  2. How To Reboot Reality — Kapittel 2, Labor
  3. Welcome to Encyclopædia Britannica's Guide to History
  4. Catholic Encyclopedia, 1967. Vol. XIV, s. 602.
  5. The Political Ideas of St. Thomas Aquinas, Dino Bigongiari ed., Hafner Publishing Company, NY, 1953. s. xxx i fotnote.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Contarini, Gasparo (1599). The Commonwealth and Gouernment of Venice. Lewes Lewkenor, trsl. London: "Imprinted by I. Windet for E. Mattes." — The most important contemporary account of Venice's governance during the time of its blossoming; numerous reprint editions.
  • Gino Benvenuti (1989) Le repubbliche marinare – Newton Compton, Roma.
  • John Julius Norwich (1982) A History of VeniceAlfred A. Knopf, New York City.
  • Patricia Fortini Brown. Private Lives in Renaissance Venice: art, architecture, and the family (2004)
  • Chambers, D.S. (1970). The Imperial Age of Venice, 1380–1580. London: Thames & Hudson. The best brief introduction in English, still completely reliable.
  • Garrett, Martin, "Venice: a Cultural History" (2006). Revised edition of "Venice: a Cultural and Literary Companion" (2001).
  • Grubb, James S. (1986). "When Myths Lose Power: Four Decades of Venetian Historiography." Journal of Modern History 58, pp. 43–94 — the classic "muckraking" essay on the myths of Venice.
  • Deborah Howard and Sarah Quill. The Architectural History of Venice (2004)
  • John Rigby Hale. Renaissance Venice (1974), ISBN 0-571-10429-0
  • Lane, Frederic Chapin. Venice: Maritime Republic (1973) — a standard scholarly history with an emphasis on economic, political and diplomatic history; ISBN 0-8018-1445-6
  • Laven, Mary, "Virgins of Venice: Enclosed Lives and Broken Vows in the Renaissance Convent (2002). The most important study of the life of Renaissance nuns, with much on aristocratic family networks and the life of women more generally.
  • Mallett, M. E. and Hale, J. R. The Military Organisation of a Renaissance State, Venice c. 1400 to 1617 (1984), ISBN 0-521-03247-4
  • Martin, John Jeffries and Dennis Romano (eds). Venice Reconsidered. The History and Civilization of an Italian City-State, 1297–1797. (2002) Johns Hopkins UP — The most recent collection on essays, many by prominent scholars, on Venice.
    • Drechsler, Wolfgang (2002). "Venice Misappropriated." Trames 6(2), pp. 192–201 — A scathing review of Martin & Romano 2000; also a good summary on the most recent economic and political thought on Venice. For other reviews of the Martin–Romano anthology, see The Historical Journal (2003) and Rivista Storica Italiana (2003).
  • Muir, Edward (1981). Civic Ritual in Renaissance Venice. Princeton UP — The classic of Venetian cultural studies, highly sophisticated.
  • David Rosand. Myths of Venice: The Figuration of a State (2001) — how writers (especially English) have understood Venice and its art
  • Manfredo Tafuri. Venice and the Renaissance (1995) — architecture