København
| København | |
|---|---|
| Nyhavn i København | |
| Styresmakter | |
| Land |
Danmark |
| Geografi | |
| Flatevidd - By - Storbyområde |
88 km² 455,61 km² |
| Innbyggjarar - By (2008) - folketettleik - Storbyområde |
509 861 5 777/km² 1 145 804 |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Diverse anna | |
| Heimeside: Offisiell side | |
| Plassering | |
København er hovudstaden og den største byen i Danmark. Han er òg hovudbyen i Storkøbenhavn, og har rundt ein halv million innbyggjarar. I København finn ein det danske folketinget og regjeringa, og her bur òg dronninga. København har alltid vore ein viktig by i dansk historie, sjølv om han ikkje alltid har vore hovudstad.
Byen ligg ved Øresund på austkysten av Sjælland, og ein kan sjå over sundet til Skåne i Sverige. Sidan 2000 har han hatt bil- og togsamband med Malmö over Øresundbrua.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Byen skal ha vore grunnlagd rundt år 1000 av Svend Tveskæg eller Knud den Store, og var opphavleg eit fiskevær. I 1167 fekk biskopen Biskop Absalon ansvaret for byen, og bygde si «Borg ved Havn». København låg midt i det danske riket heilt til Danmark tapte Skåne, Halland og Blekinge til Sverige.
Åtak [endre]
København er blitt utsett for åtak og kringsetjing fleire gonger. Hanseatane prøvde fleire gonger å ta byen. Karl X av Sverige kringsette han i 1658-59, men måtte til slutt gje opp. Den britiske og danske marinen hadde eit stort sjøslag i byhamna i 1801, og i 1807 bomba britane byen for å hindra at den danske flåten skulle hjelpa Napoleon; fleire hundre menneske vart drepne og bygningar vart øydelagde. Under den andre verdskrigen var byen okkupert av tyske styrkar.
Namnet [endre]
Byen blei først berre kalla Havn, Hafnia på latin. Grunnstoffet hafnium er kalla opp etter byen. Namnet Københamn kjem frå Købmandshavn, og det engelske Copenhagen kjem frå Kopenhagen, den plattyske forma av det nye namnet. På norsk har namnet òg vorte skrive Kjøpenhavn/Køpenhamn/Kjøpenhamn/Køpenhavn.
Verd å vitja [endre]
- Amalienborg slott
- Fristaden Christiania
- Københavns Havn
- Københavns Zoo
- Det danske nationalmuseet
- Ny Carlsberg Glyptotek
- Rundetårn
- Tivoli i København
- Tycho Brahes planetarium
Kjende personar frå København [endre]
- Kong Fredrik VIII av Danmark
- Dronning Margrethe II av Danmark
- Dronning Anne-Marie av Hellas
- Kronprins Frederik av Danmark
- Hans Christian Andersen
- Karen Blixen, forfattar
- Niels Bohr, vitskapsmann
- Aage Bohr
- Tycho Brahe, vitskapsmann
- Nikolai Grundtvig
- Ludvig Holberg, forfattar
- Iben Hjejle
- J. C. Jacobsen, grunnla bryggeriet Carlsberg
- Søren Kierkegaard, filosof
- Jakob Nielsen
- Ole Rømer
- Jørn Utzon, arkitekt
- Hans Christian Ørsted
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| Aten (1985) · Firenze (1986) · Amsterdam (1987) · Vest-Berlin (1988) · Paris (1989) · Glasgow (1990) · Dublin (1991) · Madrid (1992) · Antwerpen (1993) · Lisboa (1994) · Luxembourg (1995) · København (1996) · Thessaloníki (1997) · Stockholm (1998) · Weimar (1999) · Avignon, Bergen, Bologna, Brussel, Helsingfors, Kraków, Reykjavík, Praha og Santiago de Compostela (2000) · Porto og Rotterdam (2001) · Brugge og Salamanca (2002) · Graz (2003) · Genova og Lille (2004) · Cork (2005) · Pátra (2006) · Luxembourg og Sibiu (2007) · Liverpool og Stavanger/Sandnes (2008) · Vilnius (2009) · Essen, Pécs og Istanbul (2010) · Åbo og Tallinn (2011) |