Cuenca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cuenca er kjent for panamahattar Foto: Martin Zeise, Berlin

Cuenca (Santa Ana de los Cuatro Ríos de Cuenca) er den tredje største byen i Ecuador og hovudstaden i Azuayprovinsen. Han ligg i høglandet på 2800 moh ved den panamerikanske hovudvegen. Folkesetnaden var om lag 280 000 i 2001.

Byen vart skipa i 1557 av den spanske historikaren Diego Hurtado de Mendoza på staden der den historiske byen Guapondeleg til Cañarifolket låg, («landet så stort som himmelen», 500 e.Kr.), seinare også kjent som Tomebamba etter at han var erobra av inkaene.

Cuenca er eit senter for produksjon av panamahattar for eksport. Hattane er gjort med handarbeid og er høgt prissette. Sjølve flettearbeidet vert ofte utført heime av kvinner i byen for å skaffe ekstrainntekter til familien, medan ferdigstillinga gjerast med hjelp av maskinar på fabrikkar.

Byen ligg berre 30 kilometer aust for nasjonalparken Cajas og 67 kilometer sør for den viktigaste inkaruinen i landet, Ingapirca.

Det historiske senter i Cuenca er eit kulturminnet som blei sett på UNESCO si verdsarvliste i 1999.

Panorama over Cuenca, sett frå landsbyen Turi Foto: Thomas Hirsch

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]