UNESCO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
UNESCO flag.png

UNESCO (forkorting for United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization) er SN sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur.

Historie[endre | endre wikiteksten]

UNESCO vart stifta 16. november 1945 og konstitusjonen hans vart sett i kraft 4. november 1946 etter ratifisering av følgjande 20 land: Brasil, Canada, Kina, Tsjekkoslovakia, Danmark, Den dominikanske republikken, Egypt, Frankrike, Hellas, India, Libanon, Mexico, New Zealand, Noreg, Saudi-Arabia, Sør-Afrika, Tyrkia, Storbritannia, USA og Austerrike.

Virkefelt[endre | endre wikiteksten]

UNESCO verker innan felta utdanning, naturvitskap, sosial- og humanistiske vitskapar, kultur, kommunikasjon og informasjon. Organisasjonen arbeider for fred blant anna gjennom samarbeid, kommunikasjon og utveksling av idear mellom sine 190 medlemsland.

  • 190 land har etablert nasjonale kommisjonar som inneheld representantar frå undervisning, vitskap og kultursamfunn.
  • Omtrent 100 konsultative komitear, internasjonale kommisjonar og overnasjonale kontor har blitt oppretta for utføre spesielle oppgåver eller for refleksjonsformål.
  • 6 000 UNESCO-klubbar, foreiningar eller sentre sett fram organisasjonens ideal og handlar på grasrotnivå.
  • 6 700 utvalde skolar hjelper unge menneske å forme haldningar av toleranse og internasjonal forståing.
  • 330 ikkje-statlege organisasjonar opprettheld «offisielle» relasjonar med UNESCO. Mange andre samarbeider på tilfeldig basis med ulike sektorar.
  • Ei gruppe på 40 kjendisar – «goodwill»-ambassadørar – har gått med på å nytte sine talent og status for å hjelpe verda å fokusere på UNESCO sitt arbeid.
  • Over 300 foretak og organisasjonar i forretningssamfunn, nye partnarar som er forbundi til måla av varig haldbar menneskeleg utvikling og sosialt ansvar, samarbeider med UNESCO over hele verda.

Verdsarv[endre | endre wikiteksten]

UNESCO-konvensjonen om vern av verdas kultur- og naturarv (1972) har som formål å sikre vern av kulturminnesmerke og naturområde som har stor betyding i verdsmålestokk. 788 slike verneobjekt er hittil peika ut (pr. juli 2004). I Noreg står Bryggen i Bergen (Tyskebryggen), Røros by, Urnes stavkyrkje, helleristingane i Alta og Vegaøyane i Nordland på lista over verdsarva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]