Cyanid
Cyanid er salt frå den svake syra hydrogencyanid og inneheld cyanid-ionet, CN–. Omgrepet cyanid blir nytta om kjemiske sambindingar som inneheld cyano-gruppa C≡N; eit karbonatom bunde til eit nitrogenatom gjennom ei trippelbinding. Organiske sambindingar som har cyanid som si funksjonelle gruppe blir kalla nitrilar. Det viktigaste saltet er natriumcyanid (NaCN), som mellom anna blir nytta til å utvinne gull og sølv frå mineral. Det skjer ved at cyanid kan danne kompleks med tungmetall. Likevel er kaliumcyanid (KCN) betre kjent som gift.
Sambindingar som kan frigi cyanid-ionet CN- kan vere ekstremt giftige, sjølv om mange cyanidsambindingar ikkje er spesielt giftige. Giftigheita er avhengig av kva for sambinding det er snakk om. Menneske som har pusta inn, ete eller fått cyanidsalt (eks natriumcyanid) gjennom huda kan merke følgande symptom på få minutt:
- rastløyse
- svimmelheit
- kvalme
- hovudpine og raskare hjarteslag
Cyanidforgifting kan vera livsfarleg, avhengig av kor stor mengde av giftstoffet personen har vorte utsett for. Å puste inn cyanidgass (blåsyre, HCN) forårsakar størst skade, men å svelge cyanid kan òg vere veldig giftig. Cyanidgass er farlegast i stengte inneområde, der gassen blir halden i høg konsentrasjon. Cyanidgass forsvinn fort i opne område, og gjer han derfor mindre skadeleg utandørs, men cyanid kan føre til døden ved for stort inntak. Cyanid reagerer med saltsyra i magen vår og blir då til hydrogencyanid. Kaliumcyanid er ei enzymgift som blokkerer fordøyinga. 0,15 g kaliumcyanid er nok til å ta livet av eit menneske.
Cyanid vart mykje nytta under andre verdskrigen, særleg under jødeutryddingane, men òg i sluttfasen, då mange nazistar tok sine eigne liv. Idag blir cyanid framleis nytta til avrettingar.
Sjå òg [endre]
|
|
|
|---|---|
|
|
||
|---|---|---|
| Du bør aldri bruke informasjon frå Internett, inkludert Wikipedia, som einaste kjelde til avgjersler eller tiltak i helsemessige spørsmål. Ved lækjemiddelspørsmål bør du rådspørje apotek eller lege, ved helsespørsmål relevant autorisert helsepersonell, og ved dyresjukdom bør du rådspørje veterinær. Bruk aldri lækjemiddel på resept utan råd frå lege! Søk råd på apoteket ved bruk av reseptfrie lækjemiddel og naturmiddel, spesielt om du òg nyttar middel på resept. Bruk av fleire lækjemiddel samstundes kan ha utilsikta effekt. | ||