Dâmboviţa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dâmboviţa
Dâmboviţa i Măneşti, Dâmboviţa fylke
Dâmboviţa i Măneşti, Dâmboviţa fylke
Utspring Făgăraşfjella der elvane Valea Vladului og Boarcăşu renn saman
- Høgd 2100 moh
Munning Argeş i Bucureşti
Land i nedslagsfelt Romania Romania
Lengd 286 km
Nedslagsfelt 2 837 km²
Renn gjennom Bucureşti
Dâmboviţa - Kart over Dâmboviţa
Kart over Dâmboviţa

Dâmboviţa er ei elv i Romania. Ho startar der elvane Valea Vladului og Boarcăşu renn saman i Făgăraşfjella. Frå her renn ho sørover og gjennom Bucureşti før ho munnar ut i Argeş etter 258 km, nær Budeşti, i Călăraşi fylke. Dâmboviţa fylke er kalla opp etter elva.

Dâmboviţa i Bucureşti[endre | endre wikiteksten]

I fleire hundreår var Dâmboviţa den viktigaste drikkevasskjelda til Bucureşti. Det var fleire vassbrønnar, men det meste av vatnet i Bucureşti vart distribuert av vassberarar.[1]

I gamle soger frå Bucureşti vert vatnet i Dâmboviţa omtalt som «søtt», og sjølv på byrjinga av 1700-talet omtalte Anton Maria del Chiaro elva som «lett og rein». Mot slutten av hundreåret voks byen og elva vart forureina. Derfor trong ein akveduktar for å føre reint vatn til byen. Dei tidlegaste akveduktane vart bygd under fyrst Alexander Ypsilantis.[1]

Det vart bygd mange vassmøller langs Dâmboviţa, dei fleste av dei eigd av fyrsten, klostera eller bojarar.

Dâmboviţa hadde tidlegare to sideelvar i Bucureşti:

  • Dâmbovicioara, på høgresida, som truleg rann i området der gata Sfiinţii Apostoli ligg i dag.
  • Bucureştioara, som rann frå eit tjern der Grădina Icoanei i dag er.

I tillegg var det ei grein av elva kalla Gârliţa, som forma øya Ostrovu.

Dâmboviţa førte ofte til flaum i Bucureşti, særleg på den lågare venstrebreidda. Etter storflaumen i 1775 gav Ypsilantis ordre om å byggje ein kanal for å hindre eller minske framtidige flaumar. I 1813 avgjorde fyrst Jean Georges Caradja at elveleiet skulle reinsast.[1] Delen av elva som renn gjennom hovudstaden vart kanalisert to gonger, først i 1883 (for å hindre flaum) og så seint i 1970-åra i samband med ombygging av sentrumsområde og bygginga av Bucureşti Metro.

Det har aldri vore mogeleg med skipsfart på Dâmboviţa, men det vart gjort mislukka forsøk med båtar på elva i 1902.[2]

Tidleg i historia si eksisterte det eit par bruer over Dâmboviţa i Bucureşti. I dag er det om lag eit dusin bruer over elva i hovudstaden.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Elva renn gjennom følgjande byar og landsbyar i Romania:

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Dâmboviţa River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
  • Ştefan Ionescu, Bucureştii în vremea fanarioţilor, Editura Dacia, Cluj, 1974. p.28-30
  • Florian Georgescu et al. Istoria Oraşului Bucureşti, Muzeul de Istorie a Oraşului Bucureşti, 1965.
  • Trasee turistice - judeţul Argeş [1]
  • Trasee turistice - judeţul Dâmboviţa [2]
  • Trasee turistice - judeţul Ilfov [3]

Kjelder i teksten[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ionescu s. 28-29
  2. Georgescu et al., s.392