Elv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For det mytologiske vesenet, sjå alv.
Columbiaelva i det nordvestlege USA.
Ein meandrande del av Uruguayelva.

Ei elv er ein naturleg vassveg. Elvar renn mot havet, ein innsjø eller ut i ei anna elv. Ei svært stor elv blir ofte kalla ei flod, medan ei svært lita elv er ein bekk. Ein kanal er ei menneskeskapt elv.

Elvar kan setta preg på landskapet på ulike vis. Over lang tid kan dei grava seg nedover i steingrunnen og laga bratte dalar, såkalla elvedalar eller V-dalar. På flatlandet vil ei elv ofte bukta seg til høgre og venstre framfor å renna rett – dette kallar ein å meandra. Der elva renn nedover ei fjellside, vil ho ofte danna ein foss. Ei stor elv som fører med seg mykje slam, kan danna eit elvedelta der ho renn ut i havet.

Sidan vatnet i elvane er ferskvatn, er livet i ei elv annleis enn livet i havet. Nokre artar, som laks, kan leva i begge miljøa.

Elvar og menneska[endre | endre wikiteksten]

Flaum[endre | endre wikiteksten]

I tider med mykje nedbør eller snøsmelting fører elvar med seg mykje vatn, og kan dermed fløyma over. Dette kan føra til skadar på liv og eigedom, men nokre samfunn, som det gamle Egypt rundt Nilen, har basert seg på næringsstoffa vårflaumen førte med seg.

Folk bur så nær dei kan Kwaielva i Thailand.

Ferdsel[endre | endre wikiteksten]

I århundre har store og små elvar vore viktige ferdselsårer for transport av folk og varer i innlandet. Folk har slått seg ned langs elvar, og svært mange byar er bygde langs breidda av ei elv.

Elvar har òg hindra ferdsel ved å sperra den vegen ein ønskjer å ta. Mange imponerande bruer er bygde for å letta ferdsla over ei elv.

Energi[endre | endre wikiteksten]

Elvar fører med seg vatn som kan brukast til irrigering i jordbruk. Dei inneheld òg mykje potensiell energi som kan brukast direkte, som til å driva vassmøller, eller til å laga straum ved at ein legg elva i røyr og bruker henne til å driva turbinar.

Elvar i mytologien[endre | endre wikiteksten]

Ettersom mange elvar har hatt makta over skjebnen til så menneske, er dei blitt svært viktige i religionane og legendene deira. Innan hinduismen er eit stort tal elvar heilage, og mange av dei er personifiserte, som regel som ei gudinne.

Kjende elvar[endre | endre wikiteksten]

Norske elvar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Elvar i Noreg

Verdas elver[endre | endre wikiteksten]

Historiske elvar[endre | endre wikiteksten]

Mytologiske elvar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elv