Romania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
România

(norsk: Romania, rumensk)

Det rumenske flagget Det rumenske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Deşteaptă-te române»
Geografisk plassering av Romania
Offisielle språk Rumensk
Hovudstad Bucureşti
Styresett
Republikk
Traian Băsescu
Victor Ponta
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
238 391 km² (82.)
3 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
21 848 504 (56.)
91,6 /km² (79.)
Sjølvstende

  - Erklært
  - Anerkjent
Den rumenske sjølvstendekrigen
10. mai 1877
13. juli 1878
Nasjonaldag 1. desember
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
253 300 mill. USD (47.)
11 500 USD (75.)
Valuta Leu
Tidssone UTC +2
Telefonkode +40
Toppnivådomene .ro


Romania (rumensk România) er eit land søraust i Sentral-Europa, nord for Balkanhalvøya mellom Donau, Karpatane og Svartehavet. Nesten heile Donaudeltaet ligg i Romania. Landet grensar til Bulgaria, Serbia, Ungarn, Moldova og Ukraina i tillegg til Svartehavet.

Majoritetsspråket i Romania er rumensk, eit romansk språk i slekt med mellom anna italiensk. I tillegg finst det ein stor ungarsk minoritet vest i Romania. Gjennom historia har dakarar halde til her og nasjonar som Romarriket (som førte til at området vart dominert av romansk språk), Kongedømet Ungarn og Det osmanske riket rådd over området. Staten Romania vart oppretta då Moldavia og Valakia vart slegne saman i 1859 og vart godkjend i Berlintraktaten etter den rumenske sjølvstendekrigen i 1878. Seinare, i 1918, vart Transilvania, Bukovina og Bessarabia lagt til. Etter den andre verdskrigen vart delar av landet (det som i dag er Moldova) okkupert av Sovjetunionen og Romania vart eit medlemsland i Warszawapakta. Då Jarnteppet fall i 1989 starta Romania ei rekkje politiske og økonomiske reformer. Etter eit tiår med økonomiske problem innførte Romania ein svært låg flat beskatning i 2005 og gjorde nokre andre raske reformer. Frå og med 1. januar 2007 vart Romania medlem i EU. Reformene har ført til ein vekst i BNP på over 7 %, ei av dei raskaste aukane i Europa.

Romania er det niande største landet etter areal og det sjuande største landet ut frå folketal i EU[1]. Hovudstad og største by er Bucureşti, den sjette største byen i EU med 1,9 millionar innbyggjarar. I 2007 vart Sibiu, ein storby i Transilvania, vald til europeisk kulturhovudstad.[2] Romania vart òg medlem av NATO 29. mars 2004, og er medlem av Den latinske unionen, av Francophonie og av Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa. Romania er ein semipresidentialistisk einingsstat.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Rumensk geografi.
Topografisk kart av Romania.

Med eit flatevidd på 238 391 km² er Romania det største landet i Søraust-Europa og det tolvte største i Europa. Ein stor del av grensa mot Serbia og Bulgaria går langs Donau. Elva Prut er ei av sideelvane til Donau, og ho dannar grensa mot Moldova. Donau munnar ut i Svartehavet via Donaudeltaet som ligg i Romania og som er det nest største og det best bevarte deltaet i Europa. Deltaet er eit biosfærereservat og på verdsarvlista til UNESCO.[3] Andre viktige elvar er Siret, som renn sørover gjennom Moldavia, Olt, som renn frå Karpatane til Oltenia og Mureş, som renn gjennom Transilvania.

Landskapet i Romania er om lag jamt fordelt mellom fjellområde, åslandskap og låge sletter. Karpatane dominerer dei sentrale områda av landet med fjorten fjelltoppar over 2000 meter. Det høgaste fjellet i Romaina er Moldoveanu på 2544 meter over havet. Sør i sentrale område av Romania glid Karpatane over i åsar og etter kvart Bărăgansletta. Det geografiske mangfaldet i Romania har ført med seg eit variert og rikt dyre- og planteliv.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Romania har utstrekte fjellområde som i stor grad påverkar klimaet i dei fire årstidene. Sett bort frå dei høgare områda i Karpatane, vil dei fleste områda i Romania nå over 26 °C ein vanleg sumardag, men ein kan ha ein del fukt langs Donaudalen. Den varme tida på året er òg den våtaste, men torevêr har ein oftast i mai og juni. Elles er det lite nedbør å spore, og Romania er eit tørt land sjølv til å vere sentralt i Europa. Bucuresti har ein årleg nedbørsnormal på 592 mm.

Transilvania har ofte litt meir skya vêr sidan dei vestlege vindane stig opp over Karpatane, men seint på sumaren og tidleg på hausten er det gode sjansar for å sjå sola.

Om vinteren kjem det lett snøfall om lag kvar tredje eller fjerde dag over heile landet, men dei høgareliggjande områda har oftare snø, som ligg til langt ut på våren. Vinterkulda er litt strengare i nordaustlege område av landet, der den iskalde nordaustlege crivatvinden frå Russland er kraftigast og smelteperiodane kjem sjeldnare enn lenger sør. Kyststripa mot Svartehavet er det mildaste og tørraste hyrnet av Romania, men den kalde vinden kan vere sur sjølv om temperaturen held seg over 0 °C. Sumrane er derimot solfylte og tempererte, med lite torvêr og utan dei høgaste temperaturane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

År 513 fvt., sør for Donau, vart Getækonfederasjonen nedkjempa av Darius, som på den tida kriga mot skytarane. Over eit halvt tusenår seinare, vart Getæane nok ein gong nedkjempa, denne gongen av det romerske imperiet, under keisar Trajan. Frå år 101 til 106 vart Getæarriket knust, og landet omgjort til den romerske provinsen Dacia. (Dakianar var namnet roma- / sigøynarfolket nytta om Getæarane.) Dei gotiske og karpiske krigane på Balkan i 238256 pressa det romerske imperiet til å opprette ein ny provins i Dacia, inne i det tidlegare Moesia Superior.

I 271 vart gamle Dacia ein del av Gotarriket, og var det fram til slutten av 300-talet, då det vart innlemma i det hunske imperiet. Gepidarane og avarane herska over Transilvania fram til 700-talet, etter den tid vart Romania innlemma i Det bulgarske riket fram til om lag år 1000. Pekenegane, kumanane og uzane vert òg nemnde i rumenske historiekrønike fram til opprettinga av Vlachia av Valakia, av Basarab I, og Moldavia av Dragos på 1200- og 1300-talet. I mellomalderen levde rumenarane i tre ulike statar: Valakia, Moldavia og Transilvania.

Valakia kom under osmansk styre på 1400-talet og Moldavia på 1500-talet. Dei var autonome provinsar, og hadde kortare periodar med sjølvstende. Dei austlege delane av Moldavia (kalla Bessarabia) gjekk til det russiske imperiet i 1812 (delar av området vart ført attende etter Paristraktaten i 1856), den austlege delen, kalla Bukovina, gjekk til Det austerrikske riket i 1775, og den søraustlege delen kalla Bugeac gjekk til Det osmanske riket.

Transilvania, Moldavia og Valakia mot slutten av 1500-talet

Transilvania kom under ungarsk kontroll på 1000-talet (sidan 1301 var Ungarn og Transilvania delar av kongehusa Anjou, Habsburg og Det tysk-romerske riket.) Etter slaget ved Mohács i 1526 vart området ein del Det osmanske riket. Ved slutten av 1700-talet vart Transilvania ein del av Det austerrikske riket (kalla Austerrike-Ungarn frå 1867) fram til slutten av fyrste verdskrigen i 1918.

Den moderne rumenske staten vart oppretta i 1859Moldavia og Valakia slo seg saman under den moldoviske domnitoren Alexandru Ion Cuza. Han vart bytt ut med Hohenzollerndynasiet i 1866, og sjølvstende og status som kongedøme fekk landet i 1878, etter den russisk-tyrkiske krigen, der Romania kjempa på russisk side. På den tida bytte Russland to sørlege distrikt i Bessarabia som Moldavia hadde teke attende etter krimkrigen i 1852, mot Dobrudsja. I 1918, ved slutten av fyrste verdskrigen, sameinte Bessarabia og Transilvania seg med Det rumenske kongedømet. Den transilvanske unionen med Romania vart ratifisert i Trianontraktaten i 1920.

I 1940, ved byrjinga av andre verdskrigen, vart det nordlege Bukovina og Bessarabia, det nordlege Transilvania og det sørlege Dobrudsja okkupert av Sovjetunionen, Ungarn og Bulgaria, ettersom Romania låg under kong Carol II. Same året abdiserte Carol, og Romania gjekk inn i krigen på tysk side. På dette viset fekk landet attende Bessarabia og det nordlege Bukovina frå Sovjetunionen, og dei tok del i den føreståande invasjonen under leiinga av general Ion Antonescu. I august 1944 vart Antonescu sitt regime kasta, og Romania vart med Den raude arméen mot Nazi-Tyskland.

Ved hjelp av Den raude arméen som var stasjonert i landet etter krigen kontrollerte kommunistane Romania, og gjennom massivt valfusk fekk kommunistane makta. Mange rumenarar såg på det som eit svik frå deira vestlege allierte å la dette hende. I 1947 vart kong Michael I tvungen til å abdisere og å gå i eksil. Romania vart proklamert ein kommuniststat under direkte militær og økonomisk leiing av Sovjetunionen fram til 1958. I denne perioden vart dei få ressursane som var att i landet etter den andre verdskrigen soge inn i sovjet-rumenske «avtalar».

Branslottet nær Braşov i Transilvania

Sovjet-rumenske selskap vart oppretta i etterkrigstida for å skjule den regelrette plyndringa som fann stad, i tillegg til den massive krigsskadebota landet måtte betale til Sovjetunionen. (Landet hadde trass alt vore på tysk side mesteparten av krigen.) Ein mørk periode i Romania si historie fann stad, då hundretusenvis vart fengsla av politiske grunnar, tusenvis av menneske vart mishandla, og politiske motstandarar vart både torturerte og drepne.

Ein kort periode med økonomisk oppgang og openheit fann stad i byrjinga av 1970-talet (omtala som ein «gullalder» av rumenske nostalgikarar), men enda brått då tidlegare diktator Nicolae Ceauşescu returnerte frå ei reise i Asia, som mellom anna inkluderte land som Nord-Korea og Kina. Diktatoren innførde ei hard linje, og innbyggarane i det alt lutfattige landet fekk endå dårlegare levekår. Dei fyrste åra Ceauşescu var i leiinga var han svært populær, mellom anna av di han tok avstand frå russarane, men etterkvart vart han meir og meir sjølvoppteken og upopulær. Ceauşescu herska med frykt som våpen, og undertrykkinga av borgarane i landet vart endå verre etterkvart som det hemmelege tryggiingspolitiet fekk meir og meir makt.

Fleire tiår med kommunisme under Gheorghe Gheorghiu-Dej, og seinare under Nicolae Ceauşescu enda seint i 1989 med den rumenske revolusjonen i 1989. Etter fleire veker med opprør og protestar i desember 1989, vart kommunistregimet kasta. Dei stadig meir valdelege opprøra kulminerte i avrettinga av Ceauşescu og kona hans Elena. Under den rumenske revolusjonen gjekk overgangen frå kommunisme til demokrati på eit meir fredeleg vis. Romania var det einaste austblokklandet som tydde til vald under oppløysinga av Sovjetunionen.

Kart over Romania og Bulgaria med regionen Dobrudsja

Valet i 1990 vart vunne av det politiske partiet FSN, der somme av politikarane seinare reformerte det til eit sosialdemokratisk parti. FSN fekk halde på makta fram til 1996, då CDR, eit høgrevridd parti forma regjering for ein periode. Etter nokre år med ein del politiske omskiftingar i landet, fekk Ion Iliescu og statsminister Adrian Năstase i 2000 makta attende, men no som leiarar av det sosialdemokratiske partiet PSD.

Leiaren av det demokratiske partiet, Traian Băsescu vart vald til president av Romania den tolvte desember 2004. Traian Băsescu klarte å forme ei regjering rundt sitt eige politiske parti, samt partia "Sanninga" og "Rettskapsalliansen" (Alianta Dreptate si Adevar), ved å velje ut statsminister Călin Popescu-Tăriceanu. Alliansen forma regjering med det rumenske humanistpartiet (Partidul Uamnist Romăn), som no er kjent som Konservativpartiet, og det det etniske minoritetspartiet "den demokratiske alliansen av ungararar i Romania" (Uniunea Democrată a Maghiarilor din România), som har vore i regjeringa sidan 1996.

Etter at den kalde krigen slutta i 1989 fekk Romania stadig betre kontaktar i Vest-Europa. Landet vart med i NATO i 2004, og i Europeiske Unionen i 2007

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rumensk statistisk årbok. Rumensk statistisk nasjonalinstitutt (2007). Vitja 7. juli 2008.
  2. Report on the Nominations from Luxembourg and Romania for the European Capital of Culture 2007. The Selection Panel for the European Capital of Culture (ECOC) 2007 (2004-04-05). Vitja 7. juli 2008.
  3. Feil ved kall til Mal:Kjelde www: Parametrane url og tittel må spesifiserast. UNESCO. Vitja 7. juli 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Romania