Døgnvill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Døgnvill, døgervill eller å ha jetlag er ei kjensle av trøttleik og søvnplager som kan oppstå ved forstyrring av døgnrytmen. Dette er ein fysiologisk tilstand som kan oppstå ved skiftarbeid eller etter ei rask reise over fleire tidssoner.

Det er særleg flyreiser frå vest til aust som kan gjera ein døgnvill. Kroppen har ein indre døgnrytme på om lag 25 timar. Det vil seia at det er lettare å innstilla seg etter ei reise vestover, som gjer døgnet lengre. Ein klarer som regel å retta opp døgnrytmen med 1 til 1,5 timar per døgn.

Når ein er døgnvill kan ein ha problem med å sovna, sova uroleg, vera trøytt på dagtid og ha lågt prestasjonsnivå. Ein kan også ha psykosomatiske plager. Det går an å korrigera den biologiske klokka med lys og eventuelt melatoninbehandling. Ein kan også førebygga å bli døgnvill ved å byrja innstillinga til den lokale tida før eller under reisa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]