Tidssone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tidssoner er tenkte soner på jorda der klokka er den same fordi ein er komen om lag like langt i døgnet. I tillegg til jordrotasjonen blir tidssonene òg fastsette ut frå landegrensene, slik at dei fleste landa bruker éi felles tidssone. Hadde ein følgd dei beine strekane på kartet slavisk, hadde det norske Vestlandet vore i den britiske tidssona.

Tidssoner

På grunn av at jorda roterer rundt sin akse vil det aldri vere det same tidspunktet på dagen over heile kloden. Dette er løyst ved å dele jorda opp i 24 tidssoner. Til dømes er klokka fire i Oslo, når ho er tre i London.

Tidssonene fylgjer tilnærma kvar 15. meridian. Dei fleste landa fylgjer berre ei tidssone, sjølv om dei dekkjer fleire meridianar. Kina, Russland og USA har interne soneinndelingar. I Europa har Asorane (Portugal) og Kanariøyane (Spania) ei anna tidssone enn fastlandet.

UTC vert ofte nytta for å gje tidssoner.

Tidssoner i forhold til Greenwich[endre | endre wikiteksten]

Nullpunktet er 0-meridianen som går gjennom Greenwich i England. Ut frå denne er det sett opp 24 tidssoner med 15 grader mellom. Kvar sone representerer ein time.

På den motsette sida av jorda, i forhold til Greenwich, går datolinja. Det er altså i tidssona aust for datolinja at årsskiftet kjem fyrst.

Tidssone i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Normaltid i Noreg fylgjer ei tidssone som går 15 grader aust for Greenwich (UTC+1).

Når ein nyttar sommartid, flyttar ein seg ei tidssone aust, og sola står i sør ein time tidlegare.

Klokka 12[endre | endre wikiteksten]

Klokka 12 middag som tidspunkt har to tydingar: kalenderisk og astronomisk.

  • Alminneleg eller kalenderisk middag er den vanlegaste bruken. Ein kallar klokketidspunktet midt på dagen for middag, kl. 12:00, uavhengig av normaltid, sommartid eller plassering i tidssona.
  • Astronomisk middag er det tidspunktet på døgeret, då sola står høgast på himmelen. Dette vil normalt vere det lysaste tidspunktet på døgeret, og klokkeslettet er avhengig av lengdegrad i høve til den tidssona som gjeld for staden, og eventuell «sommartid». Bygda Eidet i Nordland fylke ligg om lag midt under tidssoneaksen for CET (15° aust for Greenwich), og vil ha astronomisk middag om lag kl. 12:00 ved normaltid.

Døme på klokkeslett for astronomisk middag for nokre norske byar:

By Lengdegrad Normaltid Sommartid
Stavanger 05,73° 12:37 13:37
Oslo 10,75° 12:17 13:17
Trondheim 10,42° 12:18 13:18
Tromsø 18,95° 11:44 12:44
Vadsø 31,10° 10:45 11:45

(Tidspunkta er gjennomsnittlege tider og vil variere ± 15 minutt gjennom året. Eksakte tidpunkt for når sola står i sør kan finnast i ein almanakk.)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]