Dørslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skisse av eit dørslag.

Eit dørslag (frå lågtysk dör, ‘gjennom’, og slag, noko ein slår gjennom), også kalla kjøkensil, er ein type sil som ein kan bruka til å skylja mat, sila eller sålda noko gjennom. Dørslag er forma som ei skål og har gjerne eitt eller to handtak. I botnen og eventuelt sidene av dørslaget er det små hòl som siler gjennom væske og mindre bitar, som smuss. Dørslag kan vera laga av keramikk, metall eller plast. Det finst også dørslag av tre, som den japanske typen zaru av bambus.

Dørslag kan brukast til å skylja mat eller til å hella av varmt vatn frå til dømes ein kjele med ferdigkokte grønsaker eller pasta. Den kokte maten blir samla opp i dørslaget, medan vatnet renn ut gjennom hòla. Ved ysting kunne ein bruka eit dørslag til å ta opp ostemassen med.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«dørslag – kjøkkenredskap» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]