Dallas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Dallas | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land Delstat Fylke |
USA Texas Dallas County, Collin, Denton, Rockwall og Kaufman County |
| Mayor | Tom Leppert |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
997,1 km² |
| Innbyggjarar - By - folketettleik |
1 213 825 1364/km² |
| Tidssone | CST (UTC-6) |
| Diverse anna | |
| Nettstad: www.dallascityhall.com | |
| Plassering | |
Dallas er ein av dei ti største byane i USA og er hjartet i det største byområdet i Texas. Det er òg fylkessete for Dallas County og ein liten del av byen går inn i nabofylka Collin, Denton, Rockwall og Kaufman County. Dallas er oppkalla etter USAs 11. visepresident George M. Dallas.
Dallas er den største byen i metropolen Dallas/Fort Worth (DFW) i det nordlege Texas. I følgje folketeljinga i 2000 har Dallas 1 188 580 innbyggarar, og DFW hadde 5 222 000 innbyggarar. Dette gjer DFW til den femte største byen i USA, og ein av dei 50 største metropolane i verda.