David Thewlis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
David Thewlis 2008.jpg

David Thewlis fødd David Wheeler ((fødd 20. mars 1963) i Blackpool i England) er ein engelsk skodespelar.

Thewlis studerte på Guildhall School of Drama i London. Den fyrste store filmrolla hans var som den galne gatefilosofen «Johnny» i Naken (1993), ein film han fekk fleire prisar for. Det same året hadde han også ei stor rolle på TV som det seksuelle rovdyret «James Jackson» i Prime Suspect 3.

På 1990-talet spelte Thewlis i mange forskjellige filmar, for det meste fantasy-filmar og historiske drama. Han er nok mest kjent for rolla si som «Remus Lupus» i Harry Potter og Fangen fra Azkaban, Harry Potter og Føniksordenen, Harry Potter og Halvblodsprinsen og Harry Potter og Dødstalismanene. Han hadde ikkje lese nokon av Harry Potter-bøkene før han spelte i filmen. Han synest Fangen frå Azkaban var kjekk å spele inn, men synest det var nokså kjedeleg å spele inn scenen der Remus Lupus blir forvandla til ein varulv. Mellom anna måtte han sitte i sminkestolen i fleire timar.

I 1992 gifta Thewlis seg med regissøren Sara Sugarman, og allereie i 1993 blei dei skilde. I 2001 starta han eit forhold med skodespelarinna Anna Friel, og saman fekk dei dottera Gracie den 9. juli 2005. Paret skilde lag seint i 2010.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]