deLillos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

deLillos er ei rockegruppe som blei skipa i Oslo i 1984. Gruppa blir rekna som eit av dei mest markante i norsk musikkliv frå 1980-talet og fram til idag. Saman med Raga Rockers, DumDum Boys og Jokke og Valentinerne blir deLillos referert til som ei av dei fire store norske rockegruppene frå den nemnte perioden.

Innhaldsliste

[endre] Historia

Namet deLillos kom etter forslag frå Ola Snortheim, som frontfigur Lars-Lillo Stenberg hadde spelt inn ein demotape saman med i 1983. deLillos kan fyrst og fremst kjenneteiknast gjennom tekstane og den karakteristiske stemma til frontfiguren Lars Lillo-Stenberg. Dei norskspråklege tekstane er skrivne i ei navistisk form, noko ein kan sjå i sentrale songar som « Min beibi dro avsted» og «Tøff i pyjamas», begge henta frå debutalbumet «Suser avgårde». Dette albumet frå 1986 blir sammen med «Hjernen er alene» frå 1989 og «Neste sommer» frå 1993 rekna som dei viktigaste for gruppa. For «Neste sommer» fekk dei Spellemannprisen 1993 i klassa rock. Albumet «Sent og tidlig» ga dei Spellemannsprisen 1995 i klassa gruppe. Bandet vann også Gammleng-prisen i klassa pop i 1994.

I tillegg til Lars-Lillo Stemberg har også far hans, Per Lillo-Stenberg, og bassist Lars Fredrik Beckstrøm skreve fleire av songtekstane til deLillos. I 2005 blei Lars Lillo-Stenberg og Rune Lindstrøm samde om å sameina det «originale deLillos» som eit sideprosjekt. Dei hadde ein konsert på klubben Elm Street i Oslo i november same året for å feire sameinga under namnet deLillos'85

deLillos vart oppretta i 1984 var det berre 3 medlemmer, Lars Lillo-Stenberg, Lars Frederik Beckstrøm og Rune Lindstrøm, men samansettinga endra seg 4 gonger fram til 1991. I tillegg til Stenberg og Beckstrøm er Lars Lundevall og Øystein Paasche med idag.

[endre] Medlemmer

[endre] Utgjevingar

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk