Deception River

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deception River
Utspring Søralpane
- Høgd 1200 m.o.h.
Munning Otira River
- Høgd 285 m.o.h.
Land i nedslagsfelt New Zealand New Zealand
Lengd 17 km

Deception River er ei newzealandsk elv. Ho er ei sideelv til Otira River i regionen West Coast , og renn stort sett i nordleg retning frå utspringet i hellingane under Mount Franklin. Ho renn nær Goat Pass, som gjev tilgang til Mingha River. Nesten heile elveløpet ligg innanfor nasjonalparken Arthur's Pass National Park[1].

Elva vart i si tid kalla «Goat Creek» («Geitebekken»). Ho vart utforska om kring år 1900 som ei mogeleg alternativ rute for jarnvegslinja Midland Line, og landmålaren åtvara mot at vass-standen i elva kunne vera bedragersk (deceiving). Om lag tre månandar seinare valda flaum i elva inn i dalen Otira Valley skade på jarnvegen for fleire tusen pund, og elva fekk namnet ho ber i dag[2].

Miljøverndepartementet, Department of Conservation, vedlikeheld ein tursti langs elva, og han er ein del av den årlege mangekamptevlinga Coast to Coast Race [3]. Der er tilgjengelege villmarkshytter for fotturistar, ei nær Goat Pass[4], og ei anna litt lenger nede langs elva[5].


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Dowling (redaktør) (2004) Reed New Zealand Atlas, s. Kart 69,70 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven. ISBN 0-7900-0952-8.
  2. «Deception River». The New Zealand Railways Magazine 9 (1). 2 April, 1934. 
  3. Arthur's Pass: Mingha - Deception route. Department of Conservation.
  4. Goat Pass Hut. Department of Conservation.
  5. Upper Deception Hut. Department of Conservation.

Koordinatar: 42°48′S 171°36′E