Nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Større elvegjel i Yellowstone nasjonalpark.

Ein nasjonalpark er eit område som er statleg verna mot inngrep eller utnytting som kan endra naturtilhøva og eventuelt kulturminne i området. Nasjonalparkane er som oftast større område med ein særmerkt, urørt eller særleg vakker natur. Yellowstone nasjonalpark i Wyoming i USA vart oppretta 1873 som den fyrste nasjonalparken i verda.

Nasjonalparkane er gjerne opne for friluftsliv så lenge dette ikkje verkar negativt inn på naturen. Også avgrensa økonomiske aktivitetar, som jakt, fiske, tømmerhogst, beiting og anna landbruksaktivitet, kan vera tillatne under bestemte vilkår.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]