West Coast på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
West Coast på New Zealand
Land: Flag of New Zealand.svg New Zealand
Position of West Coast.png
Regionstyre
Namn: West Coast Regional Council
Leiar: John Clayton
Folketal: 30,500
Estimat i juni 2006 [1]
Flatevidd: 23 276km²
Heimeside: http://www.wcrc.govt.nz
Byar
Namn: Greymouth, Hokitika, Westport, Reefton, Karamea, Kumara, Fox Glacier, Haast
Distriktsstyre
Namn: Buller
Grey

Westland

Heimesider: http://www.bullerdc.govt.nz
http://www.greydc.govt.nz
http://www.westland.govt.nz

West Coast er ein regionNew Zealand som ligg på vestkysten til Sørøya. Han er eit av dei mest avsidesliggjande og sparsamast folkesette områda i landet. Regionen har ei flatevidd på 23 000 km², og er sett saman av tre distrikt: Buller, Grey og Westland. Dei største byane er Greymouth, som òg er administrasjonssenter i regionen, Westport og Hokitika.

Namn[endre | endre wikiteksten]

  • For newzealendarar tyder uttrykket The Coast generelt West Coast på Sørøya, og Coasters dei som bur der.[1][2]
  • Fiordland ligg geografisk på vestkysten til Sørøya, men har ikkje vegsamband til West Coast, og meir av Fiordland ligg i regionen Southland enn i West Coast.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kartet viser folketettleiken i West Coast ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Regionen West Coast strekkjer seg frå Kahurangi Point i nord til Awarua Point i i sør, i ei lengde på 600 km. Mot vest ligg Tasmanhavet (som liksom Sørishavet er kjent for å vera svært vêrhardt, og fire m dønningar er vanlege), og mot aust er fjellrekkja Søralpane. Mykje av landet er ulendt, men der er sletter langs kysten der mykje av folket bur.

Mange finn landskapet i regionen vakkert, med opprivne kystlinjer, fjell, og ein stor del naturlege skogar, mange av desse er tempererte regnskogar. West Coast er den einaste delen av New Zealand der det står att større mengder av naturleg låglandsskog; på Canterbury Plains og i Firth of Thames har dei til dømes vorte nesten totalt fjerna av busetnadar og jordbruk. Av kjende omtykte naturområde har ein Haast Pass, isbreane Fox og Franz Josef Glacier, Pancake Rocks ved Punakaiki og Heaphy Track.

Regionen har ei stor nedbørsmengde på grunn av den dominerande nordvestlege vindretninga og plasseringa av fjellrekkja Søralpane - desse to elementa er årsak til stor orografisk nedbør. På den andre sidan fører dette til regnskuggeeffekten som er årsaka til det relativt tørre vêrlaget i Canterbury Plains på den andre sida av Søralpane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

West Coast var busett av māoriar, som verdsette området for dei verdfulle (taonga) førekomstane av jade(pounamu) som det var rikeleg av her.

West Coast var berre sporadisk oppsøkt av europeararfør det vart funne gull nær Taramakau River i 1864 av to māoriar, Ihaia Tainui og Haimona Taukau. Mot slutten av året reknar ein med at det var om lag 1 800 gullgravarar i West Coast, mange av dei i området kring Hokitika, som, i 1866, ei kort stund var ein av dei mest folkerike busetnadane på New Zealand.

Dagens West Coast-region var delt mellom provinsane Nelson og Canterbury frå 1853, men i 1873 danna Canterburydelen av regionen sin eigen provins, Westland, til provinsinndelinga vart oppheva i 1876.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Eit stort gullrusj fann stad mellom 1864 og 1867, og danna fleire gullgravarbyar som Okarito, som ei tid var den mest folkerike byen i West Coast, men som snøgt nesten vart borte då gullgravarane flytta vidare. Etter denne tida har folketalet svinga, men dei større byane som enno finst på vestkysten har etter kvart vorte stabilt etablerte.

Etter utvinninga av pounamu og gull, vart kol det neste verdfulle mineralet for utvinning. Førekomstar nær Buller River vart oppdaga midt på 1840-talet, og gruvedrifta tok for alvor til i løpet av 1860-åra. I 1880-åra var utvinning av kol hovudnæringsvegen i regionen, og det var talrike kolgruver i den nordlege halvdelen, særleg kring Westport. Mange av gruvene var i drift fram til midt på 1900-talet, og fleire er enno i produksjon.

Hovudnæringsvegar i West Coast er gruvedrift etter kol og gull, skogbruk og treindustri, og også fiske, turisme og jordbruk. Mjølkeproduksjonen har vakse sterkt, og det lokale meierisamvirket Westland Milk Products vart verande uavhengig då dei fleste andre gjekk saman og danna landbrukssamvirket Fonterra i 2001. Andre verksemder er produksjon og sal av smykke laga av jade, innsamling av torvmosar og steinsamlingar til bruk i hagelandskap. West Coast hadde i 2007 ein av dei snøggast veksande økonomiane av regionane på New Zealand,[3] sjølv om det er i ein heller liten skala.

Tømmerdrift har lenge vore ein viktig næringsveg i regionen; i dei sienare åra har det utvikla seg ei ujamn jamvekt mellom skogsdrift etter trevyrke og skogsdrift med tanke på bevaring. Mykje av regionen er offentlege landområde som vert administrert av Miljøverndepartementet, New Zealand Department of Conservation, og regionen har somme av dei beste attverande førekomstane av naturlege skogar, og ei mengd sjeldan dyreliv. Økoturisme er no ein viktig industri i regionen, og han går hand i hand med med arbeidet med å ta vare på naturen.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Typisk oppriven kystlinje i West Coast.
Vanleg vêr i West Coast.

Regionen er spreidd busett, særleg i sør, og ved folketeljinga i 2006 hadde han 31 326 innbyggjarar, ein auke frå 30 303 i 2001, men ikkje så høgt som talet i 1996 (32 511)[4].

Dei største byane i West Coast er Greymouth, Westport, og Hokitika. Ei stund under gullrusjet hadde Hokitika eit folketal på meir enn 25 000 og briska seg med over 100 pubar. Ei nyoppbygging av ein tidleg newzealandsk busetnad er å finna ved Shantytown.

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

West Coast er også kjend for å ha den einaste hekkeplassen på New Zealand til den sjeldne Kotuku, som hekkar nær Okarito Lagoon, og som kan opplevast på tilrettelagde turar frå den den vesle jordbruksbusetnaden Whataroa. Denne fuglen, som er svært sjeldan på New Zealand, er prega på den newzealandske 2-dollarmynten.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. West Coast - Regional Information (frå nettsider på 'New Zealand Tourism Online')
  2. The West Coast New Zealand (frå nettsida 'A New Zealand Travel Guide')
  3. History (frå heimesida til Buller District Council)
  4. Statistics New Zealand
  5. New Zealand Coinage Specifications (frå heimesida til Reserve Bank of New Zealand. Vitja 8. november 2008.)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: West Coast på New Zealand