Dei tolv imamane
Utsjånad
Dei tolv imamane er i tolvar-greinene innan sjiaislam (ithnā-ʿashariyyah) dei tolv spirituelle og politiske etterfølgjarane til profeten Muhammed. Innan sjiaislam trur ein generelt på at imamane var dei rettmessige etterfølgjarar av profeten. Ifølge sjiaislam vart dette bestemt av Gud sjølv, og òg føresagt fleire gonger av Muhammed før han døydde. Imamane vert her rekna for å vera ufeilbarlege (maʿsūm) og for å vera voktarar av islam. Dessutan trur shiaer òg på at imamane veit til den indre meining (bātinn) av Koranen.
Den fyrste imamen, ʿAlī, som òg vert kalla Leiar for dei truande (Amīr all-Muʾn-enīmin), var fetter av profeten og gift med den einaste dottera hans som fekk barn, Fatima.
Lista over dei tolv imamane
[endre | endre wikiteksten]NUMMER | IMĀM | LEVETID | REGENT (REGJERINGSTID) | STYRANDE DYNASTI |
1 | ʿAlī (علي) | (f. 598-600, d. 661) | Abū Bakr (632-34) ʿUmar (634-44) ʿUthmān (644-56) Ali (656-661) |
Dei fire første kalifane |
2 | Hasan (ألحسن) | (f. 624-625, d. 668-680) | Muʿāwiya I (661-80) | Omajade |
3 | Husayn (ألحسین) | (626-680) | Muʿāwiya I (661-80) | Omajade |
4 | Zayn al-ʿĀbidīn (علي) | (f. 653-659 - d. 710-718) | Yazīd (680-83) Marwān I (684-85) ʿAbd al-Malik (685-705) al-Walīd I (705-15) |
Omajade |
5 | Muhammad al-Bāqir (محمد) | (f. 676-677, d. 732-735) | al-Walīd I (705-15) Sulaymān (715-17) ʿUmar II (717-20) Yazīd II (720-24) Hishām (724-43) |
Omajade |
6 | Jaʿfar al-Sādiq (جعفر) | (f. 699-703, d. 765) | Hishām (724-43) al-Walīd II (743-44) Yazīd III (744) Ibrāhīm (744) Marwān II (744-50) al-Saffāh (750-54) al-Mansūr (754-75) |
Omajade Abbaside |
7 | Mūsā al-Kāzim (موسی) | (f. 745-747 - d. 799) | al-Mansūr (754-75) al-Mahdī (775-85) al-Hādī (785-86) Hārūn al-Rashīd (786-809) |
Abbaside |
8 | ʿAlī al-Ridā (علي) | (f. 765-770, d. 818) | al-Maʾmūn (813-833) | Abbaside |
9 | Muhammad al-Taqī (محمد) | (f. 811, d. 834-835) | al-Maʾmūn (813-833) al-Mutaʿsim (833-842) |
Abbaside |
10 | ʿAlī al-Naqī (علي) | (f. 828-829, d. 868) | al-Mutaʿsim (833-842) al-Wāthik (842-847) al-Mutawakkil (847-861) al-Muntasir (861-862) al-Mustaʿīn (862-866) al-Muʿtazz (866-869) |
Abbaside |
11 | Hasan al-ʿAskarī (ألحسن) | (f. 844-847, d. 873-874) | al-Muʿtazz (866-869) al-Muhtadi (869-870) al-Muʿtamid (870-892) |
Abbaside |
12 | Muhammad al-Mahdī (محمد) | (f. 869-872 - ) | al-Muʿtamid (870-892) al-Muʿtadid (892-902) |
Abbaside |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tolv Imamer» frå Wikipedia på dansk, den 22. september 2018.