Dei fire første kalifane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei fire første kalifane i islam var dei fire første leiarane av det muslimske samfunnet etter profeten Muhammed. Abu Bakr, Omar, Othman og Ali var kalifar frå 632 til 661. Under kalifatet deira voks det arabiske riket og utbreiinga av islam. Innan sunniislam blir dei fire første kalifane kalla rashidun, dei 'rettleidde' eller 'rettvise' kalifane. Valet av den siste av dei fire, Ali, var omstridd, og frå han av var kalifstillinga ein kjelde til splid i det muslimske samfunnet.

Spire Denne islamartikkelen som har med historie å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.