Delphian Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delphian Records
Skipa2000
HovudkontorEdinburgh
LandSkottland
Nettstadhttp://www.delphianrecords.co.uk/

Delphian Records er eit uavhengig klassisk plateselskap frå Edinburgh i Skottland. Det blei grunnlagt i 2000 av to studentar ved University of Edinburgh, Paul Baxter og Kevin Findlan, med kapital frå to privatpersonar og støtte frå Princes Scottish Youth Business Trust.

Paul Baxter tek imot prisen for "Label of the year" ved Gramophone Awards 2014.

I 2014 vann Delphian Records Gramophone Magazine sin pris 'Label of the Year'.[1]

Plateselskapet legg særleg vekt på kammer- og instrumentalmusikk, og er særleg involvert i opptak og promotering av ny musikk. Etter eit betydeleg løyve frå den skotske regjeringa,[2] gav det ut ut sitt fyrste delvis orkestrale album i 2008 med Scottish Chamber Orchestra og Garry Walker. [3] 2018 gav det ut Out of the Silence: Orchestral Music by John McLeod med Royal Scottish National Orchestra og dame Evelyn Glennie.

Delphian Records er kjent for ei rekkje samarbeidsprosjekt, og får regelmessig støtte frå Creative Scotland[4] og AHRC. I 2012 stod Delphian for ein stor produksjon av Alexander McCall Smith og Tom Cunningham sin opera The Okavango Macbeth, utført av den skotske gruppa Mr McFall's Chamber.[5]

Artistar[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende artistar som har gjeve ut på Delphian er Evelyn Glennie, The Marian Consort, The Illyria Consort and Bojan Cicic, Michael Bonaventure, Sean Shibe, Gordon Ferries, Mr McFall's Chamber,[6] The Choir of Merton College, Oxford, Robert Irvine, John Kitchen, Simon Smith, David Wilde, The Choir of Gonville and Caius College/Geoffrey Webber, National Youth Choir of Great Britain og Laudibus, Oxana Shevchenko og Peter Hill.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]